Denne leiaren stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 13. oktober:

I Nordfjord har det vore stor frustrasjon over at billettprisen med hurtigbåt til Bergen er langt dyrare frå Nordfjord enn frå Sogn. Nordfjordingane skjønar ikkje kvifor det skal vere slik. Men no kan det blir det endring. Og i Sogn er reaksjonane på at billettprisen til Bergen blir auka med 25 prosent store. Like store som reaksjonane i Nordfjord har vore sidan 90-talet då denne skeive ordninga blei etablert.

Hovudutvalet for samferdsle i Sogn og Fjordane har med sju mot to stemmer gått inn for å jamne ut billettprisane. Det kan bety at Sognebåten kan bli opp mot 25 prosent dyrare om to år, medan hurtigbåten frå Nordfjord vil bli litt rimelegare. No kostar billetten frå Selje til Bergen 940 kroner. Billettprisen frå Sogndal er 705 kroner, trass i at det berre er 15 minutt forskjell i reisetid på rutene. På 1990-talet vart det bestemt at prisen på ruta frå Sogn skulle reknast i luftlinje og ikkje nautiske mil for å kunne den konkurrere med andre transportmiddel. Når Fylkestinget skal gjere endeleg vedtak så kan det bli ein heftig dragkamp.

Hurtigbåten er eit viktig lim på kysten. På kysten er det mange bedrifter som lever av eksport og som er avhengige av at tilsette må reise for å ha kontakt med kundar både i inn og utland. Når ein ordinær billett er nesten 1.000 kroner kvar veg, så er dette for mange dyrt nok. Mange i Sogn har andre alternativ når dei skal til og frå Bergen. Det er både buss og tog. Såleis er det ikkje verken solidarisk eller fornuftig at nordfjordingane, som ikkje har så mange alternativ, må betale over 200 kroner meir enn sogningane for billetten kvar veg. Det er mange i Nordfjord som håpar at sogningar og nordfjordingar blir behandla likt. Alternativet til å skru prisen kraftig opp i Sogn må bli å subsidiere den kraftig i Nordfjord slik at det blir likt.