– Eg er overraska over over posisjonspartia i kommunestyret som ikkje har tatt høgde for regelen om kvinnerepresentasjon i formannskapet. Om det er bevisst eller ikkje det veit eg ikkje. Men det kan ikkje berre vere i festtalar vi er opptekne av likestilling. Blir det gjort eit vedtak som vi meiner ikkje er i tråd med regelverket, vil vi krevje ein lovlegheitskontroll, seier medlem i kommunestyret og formannskapet i Eid, Siri Sandvik (Ap).

Ho har tidlegare ytra sine bekymringar for låg kvinnerepresentasjon i lokalpolitikken i Eid kommune i Fjordenes Tidende.

Meiner likestilling går først

Bakgrunnen for at ein må sette saman eit nytt formannskap er at varaordførar Eli Førde Aarskog (H) har søkt om fritak frå politiske verv grunna flytting. I kommunestyret førre veke vart det diskusjonar rundt erstatninga av formannskapsmedlem og varaordførar.

– Var det slik at det ikkje var andre kvinner i posisjonspartia, så hadde det vore ein ting, men det er ikkje realiteten.

– Men ifølge ei politisk avtale skal Høgre ha to medlemmar i formannskapet, og dei har ei rein «herregruppe» i kommunestyret. Korleis skal ein løyse det?

– Eg kan ikkje skjøne at ei avtale mellom parti skal gå føre lovlegskapskravet. Partia i posisjon har levert ei fellesliste til formannskapet, så det er felleslista som må levere ein ny representant. Det går ikkje an å ta omsyn til ei slik avtale framfor likestilling, seier Sandvik.

Ho fortel at det blir planlagt eit større møte til våren der ein skal ta opp utfordringane knytt til den låge kvinnerepresentasjonen i lokalpolitikken.

Fram til no har det vore fire kvinner og fem menn i formannskapet i Eid, noko som svarar til 44,4 prosent kvinner. Høgre gjorde framlegg om at Josten Huneide (H) skulle ta over plassen til Eli Førde Aarskog i formannskapet. Dette hadde gitt ein kvinnedel på 33,3 prosent.

Saka vart utsett til kommunestyret sitt møte 9. november.

– Meir skeptiske til kvinner

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) fortel at saka vart utsett fordi ein vil forsikre seg om at ein følgjer reglane i kommunelova.

– Dette er ein situasjon som Høgre uforskyldt er komne i. Det at dei no er ei kommunestyregruppe med berre menn er styrt av kumuleringar og personstemmer, seier han.

Bjørlo fortel vidare at han skulle ønskt seg eit meir likestilt kommunestyre.

– Så godt som alle parti har likskap mellom talet kvinner og menn på sine lister. Det er veljarane si samansetjing som gjer at det har blitt slik.

Ordføraren meiner det finst mekanismar der veljarane er meir skeptiske til kvinner.

– Eg merkar det at veljarar, både kvinner og menn, ser ut til å ha ein grunnleggande skepsis der ein stiller høgare krav til kvinner enn menn. Det verkar som det er lettare å vere kritisk til kvinner som stikk seg fram, seier Bjørlo.

Han seier dette må ha fokus i nye Stad kommune.

– Vi prøver å sette av ein del ressursar til partia slik at dei kan ha gode prosessar i arbeidet med listene. Eg utfordrar partia i Stad kommune til å tenke likestilling. Dette er eit reelt problem. Det blir eg meir og meir overbevist om.