Denne kommentaren er skriven av Stig Erik Elliott og stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 17. november.

Englar i kvitt

Som bebuda sist: Eg har tatt ein hofte- operasjon. Tysdag føremiddag gjekk ein kirurg til angrep og sagde laus den ubrukelege hofte- delen. Ny, av titan, blei hamra på plass inn i eksisterande beinmasse, slik at eg om nokre veker skal kunne gå skikkeleg att utan å halta som ei laus- bikkje med tre bein.

Dei som måtte håpa at eg no vrir meg i smerte og har det heilt forferdeleg, vil bli skuffa. Eg har det topp. Titanen sit fast og funkar som han skal, og foten er allereie meir eller mindre smertefri.

I tillegg lever eg herrens glade dagar på sjukehuset. Eg får servert frukost, lunsj, middag og kvelds på senga. Unge, søte sjukepleiarar svermar rundt meg og lurer på om dei kan hjelpa meg med noko. Det er nesten så eg føler meg sexy på heile greia, sjølv iført sjukehuset sine spesialtruser av typen Rar XL.

Englar i kvitt, rett og slett.

Me er igrunnen heldige her til lands. Blir ein sjuk og har behov for hjelp, får ein hjelp. Meir eller mindre gratis. Me får hjelp av høgt utdanna helsepersonell som gjer sitt beste for at me skal bli friske. Denne sida av det norske helsevesenet kjem altfor sjeldan fram.

Sjølvsagt er det nordmenn som opplever å bli feilbehandla, som må stå altfor lenge i helsekø eller som diverre blir møtt av arrogante enkeltpersonar utan den service- og hjelpeinnstillinga som stort sett pregar dei som jobbar i norsk helsevesen. Likevel er spørsmålet: Er det rett at desse unntakstilfella skal få prega menigmann si oppfatning av helsevesenet? Sjølvsagt ikkje.

Då du gjekk på skulen, var alle lærarar perfekte og engasjerte og framifrå utrusta til å læra frå seg alt du trengte å læra? Når du har handla på butikkar, har du alltid opplevd at dei tilsette hjelper deg med alt du treng – med eit smil som ekstra service på kjøpet? Sjølvsagt ikkje.

Alle tenestetilbod er bygd opp av enkeltmenneske som skal setja tenesteproduksjonen ut i praksis. Der det er menneske, er det mulegheit for feilmargin.

Her eg er akkurat no, er feilmarginen fråverande.