Dette innlegget er skrive av Ola Teigen (Ap), ordførar i Flora, og stod på trykk i Fjordenes Tidende 24. november.

Alvorleg talt, Bjørlo og Osdal

I eit lesarbrev skriv de at ein må ta folk på alvor, og seier med det at eit fleirtal både i Flora kommune og Vågsøy kommune ikkje gjer nettopp dette. At dei to kommunestyra ikkje deler dykkar syn betyr ikkje nødvendigvis at de representerer folkeviljen og andre ikkje, det betyr at vi har ulikt syn på konklusjonane til Telemarksforsking og fylkesmannen. Uttalene til underteikna og Maurstad reflekterer våre kommunestyre sine vedtak.

Når ein skal ta folket si meining på alvor bør folket få klare val å ta stilling til. Bryggja Utviklingslag påstår at de har lova at skulen på Bryggja skal halde fram. Men når Bjørlo er intervjua på NRK så kan han ikkje love nokon ting. I lys av dette bør ein kanskje vere varsam med å seie at folket veit best når ordføraren på Eid ikkje kan seie verken det eine eller det andre om tenestene i Stad kommune.

Skal innbyggarane i ei grensejusteringssak kunne gje gode svar så bør ein først sørgje for at dei har den naudsynte kunnskapen for å gjere eit val. Når dei fleste på Bryggja kalkulerer med at skulen vil bestå i Stad kommune, bør de vere tydelege på at det langt frå er sikkert. Andre konsekvensar som lenger skuleveg til ungdomsskule, lengre veg til kommunale tenester og lengre veg til barna sine fritidsaktivitetar, bør ein òg vere tydeleg på før innbyggarane vert høyrt. Her, Alfred og Stein Robert, har de vore svært ullne, her må de ta folket på alvor