Dette innlegget er skrive av Geir Oldeide, Raudt Vågsøy.

Tillit

Eg såg på strøyminga av siste møte i fellesnemnda for Flora og Vågsøy. For så vidt mykje interessant å merke seg frå det møtet, men eg beit meg faktisk mest merke i noko som kom fram etter at sjølve møtet var ferdig. Då tok nemleg Ola Teigen ordet for å kommentere leiarartikkelen i siste Fjordenes Tidende. Avisa tek m.a. der opp det spesielle med at Kristin Maurstad kanskje ikkje kjem til å vere ein del av den nye Kinn kommune ho ivrar så sterkt for. Ho høyrer til den delen av kommunen som er på veg over i Stad kommune. Ola Teigen tykte dette smaka av mistillit frå avisa. Og Kristin Maurstad følgde opp og bad om at dersom folk ikkje hadde tillit til ho så må dei seie ifrå.

OK, Kristin: Du har ikkje min tillit. Du har gjort så grove og graverande løftebrot mot så mange i dei to åra du har sete i stolen at eg, og mange med meg, slit med å overhovud stole på deg. Tillit er nemleg noko litt spesielt. Det er ikkje noko du kan gjere krav på eller rekne med. Tillit må ein fortene. Ein må oppføre seg slik at folk stoler på ein. Spesielt når det røyner på. Og når ein feilar, for det gjer vi alle, så bed ein om orsaking og viser at ein meiner det i ord og gjerning. Då kan ein starte med å bygge opp att tillit. Gjer du same feilen gong etter gong og framstår som like glatt på ryggen etterpå, ja då har du lang veg å gå før du kan håpe på ny tillit.