I vinter inviterte formannskapet i Vågsøy arbeidsgruppa som jobber med grensejusteringen til et møte. Arbeidsgruppa møtte opp, men var ikke villige til å gå i dialog på det tidspunktet, ifølge Vågsøy-ordfører Kristin Maurstad. Her med Flora-ordfører Ola Teigen. Foto: Christina Cantero

I vinter inviterte formannskapet i Vågsøy arbeidsgruppa som jobber med grensejusteringen til et møte. Arbeidsgruppa møtte opp, men var ikke villige til å gå i dialog på det tidspunktet, ifølge Vågsøy-ordfører Kristin Maurstad. Her med Flora-ordfører Ola Teigen. Foto: Christina Cantero

Lesarinnlegg:

Vågsøy og Flora i Kinn

Innlegget er skrive av Ola Teigen (Ap), ordførar i Flora.

Vågsøy og Flora i Kinn

Torfinn Kråkenes stiller gode spørsmål om korleis den administrative organiseringa i nye Kinn kommune vil bli. Og saman med med initiativet frå Fredrik Egeberg, som meiner informasjonen om Kinn er for dårleg, så er det liten tvil og at vi har ein jobb å gjere på informasjonssida. Denne oppmodinga skal vi sjølvsagt ta og dette er også noko vi arbeider systematisk med i fellesnemnda.

Litt om arbeidet så langt:

Kommunestyret i samanslåingsarbeidet (fellesnemnda) er så vidt kome i gong med sitt arbeid. Det første vi har gjort er å organisere arbeidet. Det vil seie å tilsette ein administrasjon og opprette arbeidsgrupper. Som rettesnor for dette arbeidet har vi den vedtekne intensjonsavtala som både Vågsøy og Flora har vedteke. Avtala ligg på heimesida Kinn.kommune.no

Verken Vågsøy eller Flora skal administrerast frå Florø eller Måløy, men det skal vere administrasjon begge stader. Intensjonsavtala seier at det skal vere forholdsvis like mange tilsette i Florø og Måløy som før samanslåinga. Det betyr ikkje at det vil vere doble stillingar i den nye kommunen, men det betyr ein administrasjon med aktivitet både i Måløy og Florø. Skal vi rekruttere dei beste til den nye kommunen er det viktig at vi kan rekruttere frå heile kommunen. Då må vi ha med oss både Måløy og Florø. Desse stillingane er viktig for å kunne ha ein variert arbeidsmarknad i dei to byane og det skal vi lukkast med.

Om representasjon:

Kråkenes er uroa for den politiske representasjonen i den nye kommunen. Vil Flora køyre over Vågsøy, spør han. Kinn kommune vil som dagens kommunar vere samansett av ulike politiske partier. Når til dømes Ap skal sette opp si liste vil vi vere opptekne av å ha gode kandidatar frå både Vågsøy og Flora høgt på lista og truleg kumulere desse. All erfaring med politisk representasjon tyder og på mindre stader er betre representert i kommunestyra enn dei store. Dette er tilfelle både i Vågsøy og Flora i dag og det er opp til dei politiske partiene å sørgje for god geografisk fordeling.

Kinn er kystsamarbeid:

Kinn-prosjektet som Kråkenes meiner er dumt og naturstridig, handlar om å bygge for framtida. Kystaksen er i Møre og Romsdal og Hordaland langt frå dum og naturstridig, det er den bærande samarbeidsrelasjon som vi dessverre ikkje har bygd i vårt fylke. Kinn er soleis eit bevisst val for å styrke kysten. Om ikkje Flora og Vågsøy går i front i dette arbeidet så er det ingen som gjer det. Sjølv om det er kortare i luftlinje mellom Florø og Måløy enn Florø og Førde, så er det meir enn dobbelt så langt å køyre mellom kystbyane. Med tettare integrasjon på kysten vil nye og raskare kommunikasjonsliner tvinge seg fram. Utan at vi prioriterer nord-sør-samarbeidet vil kommunikasjonane vest-aust bli ytterlegare styrka. Det er liten tvil om at dette har svekka kysten opp gjennom historia.

I desse dagar har vi fått plass i eit nasjonalt prosjekt med å skape eit miljøvenleg hurtigbåtsystem mellom Florø og Måløy. Prosjektet har fått statsministeren si merksemd. Den har og skapt stor interesse i miljøorganisasjonane, teknologimiljøer og faktisk tilsvarande prosjekt i California snuser i dag på oss. Kommunesamanslåinga er i ferd med å skape nye miljøvenlege transportløysingar og heile verda følger med og det med lokalt næringsliv i spissen. Dette er litt av det vi kan få utav samanslåinga.

I forrige veke var dei kommunale leiarane i Vågsøy og Flora samla i Kalvåg. Første samling avslørte at vi har mange ulike styrkar i dei ulike kommunane. Klarar vi hente det beste i kvar kommune vil vi få betre kommunale tenester. No har vi sett ned arbeidsgrupper innan alle sektorar som skal jobbe vidare med å bygge det beste frå to kommunar til å bli ein. Vi er heilt i starten av dette arbeidet og det blir spennande å sjå resultatet. Med Kinn kommune vil Flora bli ein del av Nordfjordnett. Dette styrker samarbeidet og vil mykje for det Måløyetablerte selskapet. Dette er eit døme på at vi no vel løysingar som er etablert på kysten.

Kinn er utgreidd:

Det har blitt sagt at vi ikkje har utgreidd ein kystkommune. Det er ikkje riktig. PwC har gjort ei omfattande utgreiing. Telemarksforsking gjorde ei grundig utgreiing som dei la fram i haust. Desse rapportane ligg på heimesidene til kommunane. Det er og sagt at Kommunaldepartementet og fylkesmannen ikkje tilrår kystkommunen. Det rette er at begge meiner ein kystkommune er ei god løysing. Statsråden meiner den er svært viktig for utviklinga av kysten av Sogn og Fjordane, men at dei helst ser at Bremanger er med frå starten. Eg forstår godt dette argumentet, men eg er av den oppfatning at det sjelden er mykje å hente på å vente på noko som ein ynskjer sette i gang med. Rundt oss skjer det endring både på kommunereformsida, fylker og det meste av statleg organisering. Den som snur seg rundt sist pleier sjeldan vere den som oppnår mest.

Viktig med informasjon:

I tida framover skal innbyggarane både få meir og betre informasjon om arbeidet. Innbyggarane skal også involverast i å skape den nye kommunen. Det viktigaste overordna planverket, samfunnsplanen, skal ha brei deltaking frå alle. Dette er no under planlegging.

Noko av det fellesnemnda er mest opptekne av er korleis vi skal få ut informasjon og korleis vi skal involvere innbyggarane i danninga av ny kommune. Men vi ber om forståing for at vi er tidleg i arbeidet enno og det er dei neste 2 åra ting skal falle på plass. Men uansett så er det flott med debatt og at ein reiser spørsmål og så skal eg og andre delta i dette ordskiftet. Og så set eg stor pris på i bli invitert av dei som måtte ynskje å diskutere og har eit informasjonsbehov. Så langt har eg sagt ja til alle førespurnader og det vil eg fortsette med!


Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå