Dette innlegget er skrive av Aina Alfredsen Førde, leiar i Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, Åshild Leirgulen, leiar i Eldrerådet og Monique Levang, pensjonistutvalet i Fagforbundet Bremanger.

Plassering av ny minibank i Svelgen

Vi viser til diskriminerings -og tilgjengelova.

Etter at det blei slutt på banktenester i Svelgen er det ikkje lenger minibank i banken sine gamle lokale. Det er i staden laga til eit merkeleg system i veggen til Coopen sin gamle kiosk. Framme er det støypt ei rampe som kjem så brått på at publikum snublar i den. Vidare er det slik at brukarar av rullestol ikkje kan nytte minibanken. Dei når rett og slett ikkje opp. Om dei skulle prøve å entre rampen, må dei rygge ned att.

Er du for høg, må du stå krumbøygd for å kome til. Det er heller ikkje sett opp nokon form for sikring på utsida av rampen. Systemet er rett og slett ubrukeleg.

Det har vore kontakt med Nokas om problema utan at det har skjedd noko i saka.

Vi viser til lova og krev at Nokas som ansvarleg straks ordnar opp i dette. Fjern rampen og senk minibanken. Slik at alle kan nytte den.