Dette innlegget er skrive av Per Gunnar Stensvaag og stod på trykk i Fjordenes Tidende 9. januar.

Fleirtalsdiktaturet

Eit kvalitetsmål på eit samfunn er korleis minoritetar vert handsama. I sunne demokrati tek fleirtalet også tilbørleg omsyn til mindretalet. Ved snever tolking av omgrepet kan jo faktisk ein knappast mogleg majoritet setta seg til herrar over ein like knapp minoritet. Ein rettsstat lyt vera innretta slik at den ikkje opnar for fleirtalsdiktaturet.

Grunnlova skal sikra basale rettar i alt frå ytringsfridom til lokalt sjølstyre. I Noreg kom sistnemnde inn i den store kloke boka fyrst i fjor, altså paradoksalt nok i ei tid kor mange slike einingar går mot avvikling. For at skiftande knappe fleirtal ikkje skal kunne rokka ved fundament i samfunnet, krev grunnlovsendringar 2/3 fleirtal over to Stortingsperiodar, suverenitetsavståing 3/4. At innanlandske geografiske omkalfatringar vert gjort med simpelt fleirtal og i hui og hast innanfor éin periode, er difor nok eit paradoks. Vedtak 7/6-17 om kommunesamanslåingar vart gjort med ned mot éi røyst i overvekt, eit fleirtal som forsvann ved Stortingsvalet tre månader seinare.

Formannskapslovene av 1837 kom som ein reaksjon på embetsmannsveldet, den forhatte arven frå dansketida. Desse sørga etter kvart for at ein lokalt fekk meir rådvelde over eiga verd framfor støtt å verta overstyrt av fleirtal i meir folkerike strok. På same vis som vi forventar at regjering og Storting hegnar om Grunnlova, skulle ein tru at ein kommunalminister burde fylgja Formannskapslovene sin intensjon. Er det ikkje då ei skandale at sitjande statsråd synest å måla eigen suksess i kor mange regional- og lokaldemokratiske einingar han kan verta kvitt?

To viktige føresetnader låg til grunn då ministeren sette i gang sitt reformarbeid. Friviljugs- vedtaket av 1995, som forøvrig vart vedteke med Høgre si støtte, gjaldt då framleis og sa: «Stortinget ber Regjeringa legge til grunn at fremtidige endringer i kommunestrukturen ik-ke skal omfatte kommuner hvor kommunestyret eller innbyggerne i en folkeavstemning har gått imot kommunesammenslåinger.» Dessutan kom Stortinget for 2013-17 med fylgjande presisering: «Det skal være reell frivillighet for de kommunene som deltar i sammenslåingsprosesser. Dersom kommuner etter en helhetlig vurdering og etter å ha innhentet synspunkter fra sine innbyggere konkluderer med at sammenslåing ikke er aktuelt på det nåværende tidspunkt, er dette en konklusjon flertallet mener må respekteres.»

Her låg altså alt til rette for tilbørleg omsyn til lokalsamfunn som kvar einskild sjølsagt er i menneskeleg undertal målt mot alle dei sentralmakta representerer. Friviljugsvedtaket sørga «Tvangsgutane» for å skylla ut med Kommunereforma sitt badevatn, og kva hende med intensjonen om reell fri vilje? «Reell» burde jo tyda at korkje utilbørleg pisk, tvilsame gulrøter, økonomisk strupetak, «friviljug tvang», rein tvang eller det som verre er, burde nyttast. Idet trange tidsfristar gjekk ut, vart dei forlenga for dei som ikkje hadde kome til «rett» avgjerd. Endring av inntektssystemet, tross tidligare lovnadar, var eit anna element som vart nytta for alt det var verdt der nei vart nekta teke for eit nei.

Ved siste årsskifte slo så kommunalministeren til att og styrka si stilling som paradoksa sin meister. I same andedrag som han proklamerer at «omkampenes tid er forbi», forespeglar han nye slag i kommunar som allereie har vore gjennom ein grundig prosess og konkludert med at dei vil stå aleine. Mannen som med sitt store prestisjeprosjekt har dreve gjennom omkamp på omkamp, vil altså ha endå fleire, dvs. der han tapte i dei førre rundene. Det er berre der han vann at omkampene si tid er forbi.

Økonomisk seigpining er den mest nærliggande årsaka til at endå fleire vil kasta inn det lokaldemokratiske handkleet i prosessane han annonserte vil koma. Har ikkje statsråden fått med seg at det nyleg har vore eit val der Tvangsgutane mista fleirtal for bruk av både den eine og den andre metoden? 7/12-17 kom vedtaket om at det ikkje vert fleire tvangssamanslåingar. Dessutan vart fylgjande presisert: «Stortinget ber regjeringa legge til grunn at inntektssystemet for kom- munene skal sikre likeverdige muligheter for å utvikle velferdstjenester til innbyggerne og ikke brukes som element i videreføringen av kommunereformen». Denne for- muleringa bør formidlast til alle som vaklar i trua på at det nyttar å stå i mot ministeren sitt korstog mot folkestyret, særskilt no når han faktisk ikkje lenger har eit Stortingsfleirtal bak seg.

Finnmarkingar kan sikkert meine mykje om at saker og ting sørpå burde vore organisert på anna vis enn dei der finn det for godt, men dei manglar jo kjøttvekta for å få gjennomslag. Motsett kan det nasjonalt valgte fleirtal på Løvebakken gjera vedtak stikk i strid med interessene til finnmarkingane. Desentraliserte beslutningsorgan har difor vore særskilt viktig for dei som bur lengst unna storsamfunnet sine maktkorridorar. Sametinget vart oppretta i god demokratiske ånd til beste for ein minoritet. Dette vil FrP avvikla, førebels utan å lukkast. Når det no bikkar den vegen for det nordlegaste fylket, forsvinn ein status som har vore ei særs viktig motvekt til den kolonimakt dei der ofte har kjend seg utsett for.

Kritikk møter Sanner snøgt med å peika på at Stortinget er demokratisk vald og at vedtak derifrå lyt respekterast. Sant nok, men i eit sunt demokrati lyt det vera rom for samfunnskamp og opinionsdanning også mellom vala. Folkerørsler, demonstrasjonar, ja jamvel sivil ulydnad har ofte ført til ei utvikling historia har dømt som meir gunstig enn den elles ville ha vorte. Utbygginga av Alta/Kauto- keino-vassdraget er et nærliggande døme. Rett nok står det ei demning i Sautso, men hadde ingen opponert mot sentralmakta, ville heile Masi lege under vatn.

Med alle sine reformar driv sitjande regjering gjennom ei enorm omdanning av det norske samfunn. Folket bør då vera vakne, protestera og freista å stansa nedbygging og fjerning av dei institusjonar og ordningar som skal sikre landet vårt mot eit fleirtalsdiktatur.