Dette innlegget er skrive av Torfinn Kråkenes.

Kvifor folkerøysting om Kinn?

Engasjementet kring «Kinnprosjektet»  Vågsøy+Flora, har teke seg noko  opp den siste tida. Det har kome mange innspel fra «begge sider».

Sidan mange har gjeve utrykk for at dette har vore ein prosess som har foregått i det «stille», vart det etterkvart påtrengande  med eit informasjonsmøte om temaet.

Folkemøtet på Raudeberg, vart i så måte eit lite vendepunkt.  Den framtidige rådmannen i «Kinn», Terje Heggheim, stod for presentasjonen, og gjorde god figur. Vi fekk innsyn i vedkommandes tidlegare  liv, og bakgrunn. Heggheim er utdanna militær, med erfaringar fra både Somalia og Balkan. Det er ingen tvil om at han er eit godt val, som rådmann, i ein eventuell  framtidig, «Kinn kommune».

Presentasjonen på Raudeberg var godt regissert.  Her fekk vi innsyn i dei intensjonar og framtidstankar ein ser føre seg i framtidige Kinn kommune.

Sjølv drog eg heimatt  med langt fleire spørsmål,  enn før eg kom til dette møtet.

Neste kommuneval (2019) vert til «Kinn kommunestyre» fekk vi opplyst.

Vi er vande med at kommunar har stilt med ulike «bygdelister» som er politisk uavhengige.  Truleg vil dette vere langt meir aktuelt denne gangen, enn nokon gong tidlegare.

Ein kan også få eit intrykk av at «Vågsøymiljøet» har resignert, og er i ferd å erkjenne at ein er ein tapande utkant, i det store og heile, og set si lit til at «Flora er løysinga».  Flora sa nei til å involvere seg med Førde, grunna redselen for å verte «oppspsist»  av den langt større, og sterkare «løva i aust». Medan her ser vi (vågsøyværingar)  «løysinga» i den dobbelt så store maktfaktoren «Løva sør for oss»..   No er det «kysten sin tur», «Kinn, ein maktfaktor på kysten»,   heiter det så fint, kva no i allverda det skal bety i praksis,  utover  fine ord og formuleringar på akademisk nivå.?

Stiller Vågsøy eigne  «vågsøylister»,  Og Flora eigne «floralister»?  til dette valet, for å «sikre seg» dominans? Eller vert det slik at alle politiske parti  stiller med 1/3 vågsøypolitikarar, og 2/3 florapolitikarar? (grunna folketalet). Om eit politisk parti ikkje evnar å stille med kandidatar frå Vågsøy, vil vi også i Vågsøy få stemmesedlar med berre florapolitikarar på? Vil eit kommunestyre i Kinn kommune, i uoverskodeleg framtid verte noko anna  enn eit  «floradominert» kommunestyre? Er det nokon av «vågsøypolitikarane» som vil kjempe for at  eventuelle offentleg tildelte arbeidsplassar i framtidige Kinn kommune,  skal leggast til Flora, og vice versa? Skal vi ha to Mattilsyn? Havnestyre? Planavdelingar? Administrasjonar? Skal skatteinntektene i Vågsøy nyttast i Vågsøy, og vice versa i Flora? Så vidt eg veit, og har fått opplyst, har Vågsøy for få sjukeheimsplassar/eldreomsorgsbustadar, for framtida, medan Flora har godt med slike. Skal vågsøyværingar på sine siste dagar sendast til Flora for «lagring», eller vil «Kinn-administrasjonen» sørge for at ingen skal flyttast fra tidlegare «heimkommunar», men sørge for meir utbygging i Vågsøy?

Alle hadde høve til å stille spørsmål. Men for mange kan det vere ei «dørstokkmil» å ta ordet i store forsamlingar, og ikkje minst evne å stille relevante spørsmål.  Naturlegvis var folkerøysting om Kinn kommune eit hovudtema.

Fredrik Egeberg ga klart utrykk for at hans engasjement, IKKJE handla om «for eller imot» Kinn kommune, men han etterlyste informasjon, og at det på bakgrunn av den, vart opp til innbyggjarane i Vågsøy, via ei folkerøysting, å ta stilling til denne samanslåinga.

Her har to partar sett seg ned og skrive under på eit blankt papir, og sidan teke til å forhandle om kva som skal verte innholdet i kontrakta, uttrykte han.

Det er vanskeleg å seie seg usamd med Egeberg i dette resonnementet.

Eit litt humoristisk  innlegg på møtet, gjekk ut på at ein ikkje kan ha folkerøystingar om «alt» i samfunnet. Her vart det trekt fram om korvidt postkontoret og banken på Raudeberg skulle nedleggast eller ikkje, og  eventuelt vorte avgjort  med folkerøysting. Poenget  her var nok at mange er skeptiske og redde for endringar.

Sjølvsagt skal ikkje alt av politiske avgjerder avgjerast ved folkerøysting. Vi har folkevalde som har blitt tildelte mandat til å ta slike avgjerder på vegner av oss.

Ei meir nærliggande samanlikning angåande folkerøysting,  kan truleg vere dei to folkerøystingane vi har hatt om EU. Kvifor vart ikkje dette bestemt av våre «folkevalde»? Utan folkerøysting? Det var ikkje ende på kor ille det ville gå med kongeriket, om ikkje det norske folk, no tok til «vetet», og stemte for EU.

Thorbjørn Jagland, med fleire. heldt harmdirrande  innlegg om Norges undergang  om vi vart ståande utanfor dette «berikande felleskapet»

Men no gjeld det Kinn kommune, for vågsøyværingar. Kvifor skal vi ikkje ha ei folkerøysting om dette temaet og framtida vår?

Det interessante er at ein stadig får inntrykk av at det er «kinntilhengarar» som er skeptiske til ei folkerøysting. Kvifor det? Fryktar desse at  eit fleirtal av folket er imot dette «prosjektet? Ei folkerøysting kan vel gå begge vegar? Har kinntilhengarane meir tilbøyelegheiter mot eit mindretalstyranni enn eit fleirtalsdemokrati?

Eg forstår heller ikkje heilt det politiske miljøet i Vågsøy. Det må vel vere langt meir å føretrekke å gå for ei folkerøysting om dette temaet enn å ta eigne partipolitiske beslutningar for eller mot? Dersom ei folkerøysting avgjer dette, har ingen politiske parti «tapt ansikt» grunna standpunkt. Vi er dermed alle medskuldige i ein demokratisk prosess, uansett utfall. Og nattesøvnen burde vere sikra for alle som er involvert i politisk arbeid i Vågsøy.

Vi har tradisjonar for at folkerøystingar vert aksepterte av alle partar, uansett utfall, og usemje. Går denne prosessen vidare utan den «roa» ein demokratisk prosess, som eg meiner at ei folkerøysting vil bidra til, vil eg nok tru at «krigserfaringane» til komande rådmann Terje Heggheim vil kome langt meir til nytte enn han sjølv hadde sett føre seg.