Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 23. januar.

Ny tunnel vil gjerne Strynefjellet til ein trygg heilårsveg

RV 15 over Strynefjellet er ein veldig viktig stamveg aust-vest for folk og næringsliv på begge sider av fjellet. Det er berre så synd at standarden på denne vegen er så dårleg. Tunnelane er for smale og skapar store problem for tungtrafikken, bussar og vogntog. Og slik dei lange tunnelane er forma ut representerer dei også eit stort faremoment. Skulle det skje ei ulukke, at det tek til å brenne i ein bil inne i tunnelane så er det ikkje enkelt å komme seg ut. Og så er det problema med ras og rasfare i Grasdalen. Kvar vinter blir denne viktige stamvegen stengd på grunn av snøproblema i Grasdalen. Dette er ikkje til å leve med.

Statens vegvesen og Vegdirektoratet vil byggje ein 16,6 kilometer lang tunnel frå Skåre i Stryn til Breidalen på Strynefjellet som erstatning til dei smale tunnelane. Prislappen er 3,8 milliardar kroner. Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget meiner også at dette er beste løysing. I ein rapport i den eksterne kvalitetssikringa konkluderer Møreforsking Molde og Metier at prisen er for høg i forhold til trafikken. Dei tilrår i staden å utvide dagens tunnelar, eit prosjekt som vil ta fire år. Kostnaden er berekna til rundt 600 millionar kroner. Dei anbefaler heller ikkje rasoverbygg i Grasdalen fordi dei meiner vegen er sjeldan stengt om vinteren.

Vi meiner det ikkje er noko god løysing å flikke på dagens tunnelar. Det vil bety fire år med anlegg og dei ulempene det vil medføre for trafikken. Og at Møreforsking Molde og Metier meiner det er lite trafikk der har naturleg samanheng med den dårlege standarden det er på denne vegen. Det må byggast ein ny tunnel slik at dette blir ein trygg og god heilårsveg, ein veg som er kjempeviktig for heile Nordfjord og Sunnmøre.