Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 6. februar.

Ville ikkje ta kampen om kva folkerøystinga skal brukast til

Det har kokt av engasjement i Vågsøy rundt spørsmålet om å slå seg saman med Flora siste månadane. Det har hagla med ytringar både for og mot samanslåing. Sist veke toppa det seg med fakkeltog og behandling av spørsmålet i kommunestyret. Onsdag var i overkant av 200 personar samla i Måløy sentrum for å syne at dei vil ha folkerøysting. Dagen etter gav eit klart fleirtal i kommunestyret i Vågsøy etter for presset, og sa ja til folkerøysting.

Ap og Venstre, som var imot folkerøysting, meiner dette er å skape falske forhåpningar. Kinn-tilhengarane meiner prosessen med samanslåing har kome for langt til at Vågsøy kan snu. Denne grupperinga meiner det er uaktuelt å ta omkamp om Kinn no. Dei trur ikkje Stortinget vil ta opp att saka og oppheve vedtaket om samanslåing. Og i tilfelle dei vil gjere det så meiner dei at Vågsøy og Flora må betale tilbake 25 millionar kroner som dei har fått til samanslåingsprosjektet.

Denne saka var nok ekstra vanskeleg for Høgre som ikkje klarte å bestemme seg for kva dei skulle stemme før dagen før kommunestyremøtet. Kinn-tilhengarane i Høgre vil bruke dei knappe fire månadane fram til folkerøystinga til framsnakking av Kinn. Dei håpar å kunne få snu dei som er i tvil og dei som er i mot Kinn, og håpar på eit ja frå folket i juni. Det kommunestyret ikkje bestemte er kva folkerøystinga skal brukast til? Fleirtalet av dei som ville ha folkerøysting ville tydelegvis ikkje ta denne kampen no.

Sjølv om fellesnemnda skal jobbe vidare, så har prosessen hamna i eit lite vakuum. Det er skapt usikkerheit rundt Kinn. Og seier fleirtalet i folkerøystinga nei til Kinn, så vil nok neppe motstandarane roe seg dersom politikarane nok ein gong går imot folkeviljen. Engasjementet rundt Kinn er neppe over.