Denne kommentaren er skriven av Ane Barmen og er ein del av Stemplar ut-spalta på sistesida kvar fredag.

Datenight og First price

Ein gong i haust hadde eg og mannen datenight. Det brukar å imponere folk når vi seier at vi gjer det enno etter femten år, men det er berre fordi dei ikkje veit kor låg terskel vi har for å kalle noko for ein date. Folk flest tenker at då går ein ut, et ein god middag, held hender over bord- et og seier ting ein elskar med kvarandre og sånn. Vi har med åra blitt så trauste at kriteria våre for ein bra datenight er dette: 1. begge må vere heime samstundes, og 2. that's omtrent it.

På daten vår i haust hadde to vener akkurat funne saman og hadde datenight sjølve same kvelden, noko vi fekk dokumentert via snap. Det var då eg skjønte for eit ubrukeleg uromantisk par vi har blitt.

Desse to turtelduene sat i kvar sin by på grunn av studium og jobb, men det hindra dei ikkje i å ha stemnemøte. Dei rigga seg til på kvar sin kant med ein dokumentar dei ville sjå «saman», trykte på play samstundes og sende kvarandre snap'ar og søte meldingar medan dei skåla i raudvin frå Oslo til Tromsø.

Kva vi gjorde? Ja, nei, vi laga mat, då. Taco. Ikkje sånn god frå botnen, men den billigaste driten frå First price (som vi tykkjer er heilt OK fordi den er billig. Ein er trass alt vestlending). Medan han laga mat, vaska eg kjøleskapet og kasta ting med mygl på. Etter vi hadde ete sovna eg på sofaen og vakna to timar seinare til mannen som spelte drepespel på x-boxen, og nyforelska snap'ar frå desse dustete lukkelege venane mine.

Opprørt fortalde eg mannen om koseparet, og han berre: «Jaja, set deg på soverommet med mac'en, så kan vi sjå ein dokumentar i kvart vårt rom?». Nedstemt.

Ein kan prøve å forsvare det med at vi har vore saman i femten år og ikkje femten minutt, som desse hine. Ein kan skulde på at eg var gravid og dautrøytt, medan desse to er unge og freshe og ugravide. Men ein kjenner jo litt på at ein kanskje burde skjerpe seg ørlite. Kanskje han tenkte det same, for dagen etter kom han uoppfordra heim med ein dunk pistasjeis i tilfelle eg var fysen. (Det var eg.) Og eg sovna i det minste med hovudet i fanget hans medan han drap nazistar på TV-en, og morgonen etter fekk eg kaffi på senga. Det er kanskje ikkje sånt ein skriv romantiske komediar om, men ein skal ikkje undervurdere ein god kopp kaffi.

Men vi har bestemt oss for å ta litt grep. No blir det unntakstilstand ei stund med baby, men eg har kjøpt teaterbillettar til august. Då skal vi ha barnevakt og halde hender, og ikkje ete First price-taco. Same kor kjekk og billig han er. Om det ikkje er romantisk komedie-materiale blir det i alle fall ein skikkeleg datenight.