Denne kommentaren er skriven av Jarl Wåge, og er ein del av Stemplar ut-spalta i Fjordenes Tidende.

Til alle verdas kvinner

«Woman is The Nigger of The World», song John Lennon og brukte n-ordet som vi ikkje lenger skal bruke. Det han meinte, var at kvinner har trella og slite alltid, tatt seg av opp-veksande slekter, hus og heim, våre gamle og sjuke. Verda hadde rett og slett gått fullstendig ad undas utan deira innsats. Derfor denne hyllesten. Til alle verdas kvinner. Med to formidable representantar for kvinnekjønnet som døme. Mine eigne beste-mødrer.

Farmor Petra voks opp i fjæresteinane på Myre- stranda. I eit knøttlite hus. Familien i eine enden. Ei ku og sauer i den andre. Gras til dyra fann dei oppe i fjellsida. Då mora hennar døydde, måtte ho ut i teneste, 14 år gammal. Jobbing dagen lang. Lønna var 20 kroner i året pluss eit kjolestoff.

Seinare gifta ho seg og blei gardskone i Vågsvåg. Sidan farfar dreiv fiskebruk, fekk ho hovudansvaret for heim og fjøsstell. I tillegg fødde ho ti barn som sjølvsagt òg kravde si kvinne. Farmor blei fleire og åtti år gammal. Ei staut, sterk, flott og verdig eldre kvinne som ikkje visste at det var noko som heitte tidsklemme.

Mormor heitte Marta og voks opp i Bjørdal i Ørsta kommune. I Volda møtte ho Mathias frå Breim. Dei gifta seg i 20-årsalderen. Morfar hadde fått misjonskall, og i 1912, 24 og 21 år gamle, la dei ut på den uendeleg lange reisa til det som i dag heiter Kenya. Dei var pionerar i ordets rette forstand og drog langt inn i jungelen og bygde opp ein misjonsstasjon. Der fødde mormor tre barn. Mor mi var den eldste. Etter at dei hadde vore der i nokre år, fekk morfar kolera. Dei såg ingen annan utveg enn å reise heim til Noreg.

Dette var under 1. verdskrig, så dei kunne ikkje ta kortaste veg. Det blei båt via Singapore, Hongkong, Japan, over Stillehavet til San Francisco, tog til New York og båt over Atlanteren. Eit halvt år på reisefot. Mormor var «reiseleiar» for sjuk ektemann og tre barn. Den eine baby. Vel heime i Volda fødde ho fire barn til. Ho hadde ansvar for eit ope hus der det alltid var gjestar som overnatta eller budde i vekes- vis. «Ho jobba alltid, og hadde ho tid å setje seg ned, var det alltid med eit handarbeid,» seier kusina mi som delvis voks opp i huset og såg henne i aksjon. «Og veit du», føyer ho til, «ho brukte aldri ordet travelt.» Marta blei 98 år gammal.

Det finst ikkje noko mektigare i denne verda enn kvinnekraft. Eigentleg burde kvinner få i oppdrag å styre og skape fred i kvart einaste land og rike. For aldri har dei starta ein krig. Så lat oss audmjukt ta bylgja for alle verdas kvinner.