Denne kommentaren er skriven av Ane Barmen, og er ein del av Stemplar ut-spalta på sistesida kvar fredag:

Eg har såvidt byrja å smake på mammapermlivet, og ein ting har fort blitt klart for meg: Gud hjelpe meg kor mykje dårleg TV ein skal sjå når ein sit heime med ein nyfødd og ammar heile tida. På berre nokre dagar hadde eg sett alt av Kardashians, som er det beste av dårleg TV eg kan få. Så gjekk eg ned eit nivå til Sinnasnekkeren og Luksusfellen, både dei norske og svenske versjonane. Men då eg etter kvart følte at Otto Robsahm sine parforholdsråd verka fornuftige var det på tide å byte kanal.

Og det einaste som gjenstod då var NRK og ein haug-gammal episode av Med hjartet på rette staden. Den var så gammal at det var det fyrste paret i serien det enno handla om, han der Nick med ho der legekona som flytta frå London til Aidensfield. Eg kan hugse at eg såg på dette då eg gjekk på barneskulen, og det merkast på kvaliteten, for å seie det mildt.

Herregud, kor sakte ting gjekk på TV før i tida?! Kor langsamt alle snakkar, og kor lange pausar dei tek mellom replikkane? Og kvifor står alle så nær kvarandre? Det er maks tredve centimeter mellom alle som pratar, uansett relasjon, og ingen av dei verkar å tykkje at det er kleint. EG tykte det var kleint, og eg sat åleine i sofaen.

Handlinga: Ein langhåra amerikanar på motorsykkel kjem til Aidensfield, kræsjar i ein saudeflokk og må bli verande nokre dagar medan sykkelen blir fiksa. Han set seg på puben, og alle er skeptiske, for han er jo amerikansk, og det er det mest tvilsame som finst.

Det har tydelegvis stått i manus at amerikanaren er ein ung kjekkas, så alle omtalar han som «playboyen». I røynda blir han spelt av ein korpulent type i førtiåra med høge vikar og parykk, men det hindrar ikkje Gina, ho der med miniskjørt i baren, i å bli betatt. Eller, det er nok meininga at ho skal verke betatt, for dei tek nokre turar på motorsykkelen og delar eit knusktørt kyss, men sidan Gina aldri smiler og alltid snakkar som ein gretten fjortis er det ikkje godt å seie kva ho meiner.

Uansett, amerikanaren rotar seg borti nokre greier saman med Greengrass (som ALDRI skiftar klede). Nick har influensa og ser konstant sur ut. Kona går berre og smiler søtt og seier at han må legge seg og bli frisk. Det vil han ikkje. Politisjef Blaketon kjeftar om ting, og nokon melder amerikanaren til politiet fordi han ikkje vil til Vietnam. Men tenk, alt ordnar seg, amerikanaren reiser, Nick blir frisk og alle er glade.

Det var eg også, for på dette tidspunktet hadde det byrja å lukte funky i stova, og det var på tide med eit bleieskift. Og når eit bleieskift fristar meir enn TV-en veit du at det er på tide å slå av.