Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag tysdag 10. april.

Mange håpar på eit svar på kven som var «Mr. X»

Denne veka er det igjen fokus på den tragiske hotellbrannen i Selje. I går starta ankesaka i Gulating lagmannsrett mot ein av dei to brørne som i tingretten vart frikjent. Då den tre veker lange rettssaka i Fjordane Tingrett var over var det berre hotellsjefen som vart dømd for å stå bak brannen. Dei to andre brørne vart frikjende. Denne veka handlar det ikkje om årsaka til brannen.

Ingen er i tvil om at brannen var planlagt og at hotellsjefen, som køyrde eins ærend tur/retur mellom Stockholm og Selje for å rigge til for at heile hotellet skulle brenne ned, gjorde dette med fullt overlegg. Hotellsjefen fekk ei fengselsstraff på 5,5 år, vart dømd for forsikringsbedrageri og må betale meir enn to millionar kroner i erstatning til Gjensidige forsikring. I tingretten denne veka handlar det om kven «Mr. X» er. Kven var mannen med parykk og lausbart som hjelpte hotellsjefen med å sette fyr på hotellet. Politiet meiner det var ein av dei frikjende brørne som var med på å legge til rette for brannen.

Dette er ei vond sak. Mange i Selje er framleis bitre over det som har skjedd. Den tragiske brannen har snudd opp ned på livet i den idylliske bygda. Brannen har forandra mykje. Mange er opptekne av at dei som har hatt noko med hotellbrannen å gjere må få domen dei fortener. Opp i alt dette er det viktigaste kva som skjer med hotellruinane og den flotte tomta midt i bygda. Det som er igjen av hotellet er i dårleg forfatning. Alt tyder på at det meste må rivast, og så langt er det ikkje kome fram at det er private som vil kjøpe tomta og bygge nytt hotell. Kommunen vurderer no å bruke millionar på det nokon må gjere, få rydda opp. Mange er spente på om politiet kan bevise kven som var med hotellsjefen å gjennomføre denne ugjerninga.