Kristian Morken har det moro når han hentar fram motorsaga og lagar trefigurar av ulike slag.

– Dette gjer eg for moro, og når eg har tid og anledning, seier motorsagskulptør Kristian Morken i Almenning.

På låven har han ei lita samling av troll og andre trefigurar han har laga med motorsag som arbeidsverktøy. Dei fleste figurane finn vegen til nye eigarar etter kvart, men nokre er blitt ståande, for kunstnaren er eigentleg ikkje så opptatt av sal. Men interesse for det han lagar er der heile tida, og den strekk seg heilt til Bergen.

– Det står mange figurar rundt om kring både her og der, seier Morken.

Nokre er blitt veldig kjende, slik som trollet som er plassert i Fjærland.

– Det har vore i fleire vekeblad. Der trur dei ikkje at det er noko som er blitt så mykje fotografert som dette trollet, seier Morken.

Andre kjende figurar er dei som står på Vestkapp.

Pensjonisten og kunstnaren har halde på i mange år og brukar ikkje lang tid med motorsaga for å lage ein god figur. Men det er like fullt ein kamp kvar gong.

– Du må jo slåst med eit emne, seier motorsagskulptøren.Og han legg til at han ikkje kan viske ut noko av det han gjer når motorsaga går.På førehand har han ein liten tanke om kva han skal lage. Og det er viktig å ha eit godt emne.

– Det er litt kjedeleg med ein rett stokk. Eg vil helst ha noko eg kan spekulere med, seier Kristian Morken.

Ei furu, kanskje ei fjellfuru, som er litt skeiv, kan vere eit godt utgangspunkt, og kunstnaren seier at det er fint om det er ein kvist som stikk ut. Han leitar rundt etter gode emne, og om han kjem over ein tuja med greiner kan den vere veldig spennande å ta fatt på. Likeins kan eit stort, gamalt epletre bli til noko bra.

Men når folk kjem med stubbar som dei har skore greinene av og ønsker seg ein figur blir det litt feil.

– Eg vil heller kunne sjonglere med å kunne laga nase, armar og bein, seier Morken.Når det kunstnarlege uttrykket er på plass, blir figurane gjort klare for utebruk.

– Eg set dei godt inn med olje og så lakkar eg dei etterpå, seier Morken. Motorsagkjede og gode oljar er noko som det går med ein del av i arbeidet.