Namn:Elisabeth Hals Heimsæter
Alder:Tretti-elleve (41)
Bustad:Måløy

- Kva er du mest oppteken av?

- Eg er oppteken av fleire saker, og det er mykje eg synest er viktig. Åpenheit rundt psykisk sjukdom er noko eg set høgt på lista, for uansett kor langt samfunnet har kome i aksept rundt dette komplekse temaet, så er det framleis ein lang veg å gå. Likestilling og rettferd er to andre tema som opptar meg.

- Kva gjer du på fritida?

- Eg skriv ein del, både dikt og historier. Håpet er å vere så heldig å få utgitt bokprosjekta som eg har pusla på med ei tid. Og så er eg ein flittig brukar av dei flotte turløypene vi har her på staden.

- Kven beundrar du?

- Eg beundrar dei som jobbar i vernepleien og på institusjonar rundt om i det ganske land. Dei får til mykje bra innafor stramme budsjettrammer. Og så synest eg lærarstanden fortenar ein stor klapp på skuldra for innsatsen dei gjer for den oppveksande generasjonen.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Det beste med Måløy er at uansett nedgangstid, så evner vi å kome oss opp igjen. Når noko leggast ned, så evner ein å tenkje nytt og alternativt. Og så har vi mange flotte turområder rundt oss. Blant anna turløypene rundt stadion og Skramsvatnet og Øyna.

-  Kva står på di førsteside av Fjordened Tidende?

-  Vågsøy kommune best i landet på å bekjempe mobbing!

-  Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

- Starta bygginga av den nye ungdomsskulen og ny symjehall omgåande.

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Vanskeleg å dra fram ei spesifikk oppleving. Vi har hatt så mange dyktige og flotte artistar og kulturelle arrangement her rundt om. Men, eg hugsar at det var eit stort augeblikk då Wenche Myhre gjesta Måløydagane på åttitallet ein gong.

- Kva har du på nattbordet?

- På nattbordet har eg ein bunke Illustrert vitenskap historie, penn og papir til å ta notatar til skriveprosjekta mine og mobiltelefonen.

- Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

- Eg er som regel innom NRK-nett, Aftenposten, VG, Dagbladet, TV2, Hotmail og Facebook kvar dag.

- Kva er meininga med livet?

- Å vere seg sjølv som best, og prøve å gjere det beste ut av den tilmålte tida vi har fått. Einkvar er sin eigen lykkes smed, men det er viktig å hjelpe sine medmenneske også.