Granskotsirup, oldemorsteppe, vinposenisse og strikkavottar. På julemarknaden i Pålnaustet på Nordfjordeid bognar det.

– Dette er julegåve til meg sjølv, smiler Anne Mette Lillestøl, som sikra seg eit fargerikt oldemorteppe. Ho var ein av mange som stakk innom Pålnaustet i helga.

– Dette er suverent. Her kan ein få tak i mykje rart som ikkje er masseprodusert, seier ho nøgd.

Driftig gjeng

Tre laurdagar på rad vil dørene til Pålnaustet opnast, og med raude julehjarte og nissar i fleng kjem du garantert i meir julestemning.

– Vi er ein gjeng med ti damer som står bak julemarknaden, og ettersom det heiter Pålnaustet så kallar vi oss Pål sine høner. Den songen syng vi på alle medlemsmøte. Vi pleier å samle i hop alt, så vi har både evalueringsmøte, styremøte, julebord og planleggingsmøte på ein gong, fortel Reidun Sunde, ein av initiativtakarane.

Dei har også med seg nokre «gjesteartistar». Her er heimlaga ting i hopetal. Gjennom heile året syslar dei med sine kreative hobbyar.

– Og så vert det litt intensivt på tampen. Her kan ein gjere heile julehandelen på ein plass. Granskotsirup er for eksempel nytt av året. Det er nydeleg på varm eplekake eller is, i staden for karamellsaus, fortel Margrete Sunde. Saman med Ruth Sunde var ho tidleg ute i vår for å plukke unge granskot til sirupen.

Heimelaga

Julemarknaden arrangerer dei for tredje året.

– Vi har treårsjubileum i år. Vi jubilerer eigentleg kvart år, men gleder oss mest til fireårsjubileet, seier Ruth, til stor latter frå dei andre.I Pålnaustet bognar det av alt frå golvmatter laga av gamle sengetøy, hekla dokker, vinposenissar, salte mandlar, ramslauk, ripsgele, knekkebrød og heimelaga marshmallows. Handarbeid av ypparste kvalitet, i tillegg til heimelaga godsaker.

– Når vi er ute i verda, oppdagar vi gjerne ting som vi synest kan vere fint å ha på vår eigen julemarknad. Det er kjekt når folk kjem innom og seier kor mykje fint her er. Og så er det no slik at vi kan ikkje berre sitte heime, putle, og berre legge i lad, meiner Margrete Sunde.