Iggy Pop kommer til Malakoff sommeren 2016.

– Det er heilt uverkeleg at vi i år kan ynskje velkomen til ein av verdas største artistar. Ein bauta, eit ikon og ei legende. Welcome to Malakoff, the one and only, Iggy Pop!, skriv festivalen i ei pressemelding.

Iggy Pop står på scena laurdag 23. juli.

– Da vert det skapt musikkhistorie på Malakoff16. Då står ein av rockehistorias mest legendariske og karismatiske liveartistar på scena på vesle Nordfjordeid. For fyrste gong sidan 2013 kjem Iggy til landet, og han har valgt seg ut Malakoff som stoppestad.

– Dette er tidenes Malakoffbooking og den aller største stjerna som nokon gong har vitja Malakoff. Vi gler oss enormt til å oppleve denne artisten live, seier ein strålande fornøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Dermed er Iggy Pop, Gogol Bordello, Gojira, OnkelP og De Fjerne Slektningene, Cancer Bats, Odd Nordstoga og Kakkmaddafakka klare til Malakoff-festivalen, som blir arrangert på Nordfjordeid 21. til 23. juli.