Ho tryllar fram dei lekraste kreasjonar av fargerike stoff. Synnøve Oddny Torheim (40) på Torheim i Eid redesignar gjerne.

– Dette er mi hole, der eg slepp sjela og kreativiteten fri, smiler ho og viser syrommet der tre symaskiner er installert.

Her står også lad på lad med kasser med stoff – systematisert etter farge. Trådsnellene heng som pynt på veggen før dei blir brukt.

Interessa for sying har ho fått inn med morsmjølka.

– Dei seier at eg neste kunne sy før eg kunne prate. Eg er oppvaksen med heimesydde kle. Det var så kjekt då mamma sat og sydde. Det var ein eigen fred i heimen, og ho hadde mykje stoff og trådrestar i kasse. Det blei mi leikekasse. Eg tok stoffbitar og klipte hol til lykketroll, mimrar Synnøve.

Dukkekle vart sydde for hand, men då ho var i 7-årsalderen fekk ho ei gammal sveivesymaskin. I helgane var ho tidleg oppe om morgonen og sydde.

Glede

Synnøve er oppvaksen med å sjå seg nytte av det meste.

– Det gir meg glede å lage eigne plagg, og det er kjempespennande å sy om gamle klesplagg.

Ho likar å gå med kle som ho har sydd sjølv, og ekstra kjekt er det når folk kommentarar så fint eit plagg er. Skarpe fargar tar ho gjerne i bruk.

– Dei gir meg energi, men eg har sydd mykje i svart også. Det er spennande å utfordre fargekombinasjonar, valøyra og blande stoffkvalitet.

Til no har Synnøve mest sydd til familie og vennar, og mange har fått jule- og bursdagsgåver.

– Eg er ingen skreddar. Det å sy etter mål tar mykje tid. Men resultatet blir bra når nokon får plagg dei er fornøgde med.

Ho har starta eigen blogg og facebookside, og går under namnet Sy-Oddny.

– Folk oppfordra meg til å vise meir kva eg lagar, men det er ein terskel å uttømme seg på Facebook og blogg. Det tar også tid å ta bilde av det ein lagar, fortel Synnøve.

Gjenbruk

40-åringen trur det har vorte så populært med redesign fordi mange tenkjer miljø og gjenbruk.

– Det er spennande å lage eit gammal plagg til noko nytt. Når ein syr sitt eige plagg får ein noko unikt, artig eller fint, seier ho.

Synnøve likar å sy variert, og har lenge vore med i den lokale lappeklubben.

– Eg har lært så mykje gjennom kurs lappeklubben har arrangert, teknikkar som eg har overført til det å sy kle. Det kan vere som å byggje lego, der ein må finne lure løysingar, Ho synest det kjekkaste er å sy kjolar:

– Ein treng ikkje å ha fleire symaskiner for å sy kle. Symaskina eg kjøpte då eg var 16 år er framleis fullt brukande. I tillegg har eg ei overloc- symaskin. Den både syr, kastar over og reinskjer saumen i ein operasjon, så den er veldig kjekk å ha når ein syr kle. I tillegg har eg ei ny maskin som syr fine dekorsaumar.

Energi

Draumen er å flytte sy-aktiviteten i ein eigen verkstad.

– Eg har vorte oppfordra til å vere med på salsmesser, så vi får sjå om eg etter kvart byrjar å sy litt meir for sal.

– Som barn var stoff leik, men i dag gir det meg mykje energi, meiner Synnøve.

Stoff, blonde eller knappar kan vere utgangspunktet, og så ballar det på seg. Etter kvart veks det fram eit fargerikt og flott plagg, fortel ho.

Berre fantasien set grenser for kva ein kan sy. Inspirasjon kan ein få når ein reiser, går tur eller ser ei reklame. Å gå på loppemarknad er også eit eldorado av gamle mønster og stoff.

– Sying og det å vere kreativ betyr mykje for meg. Om det går for mange dagar utan at eg får sy blir eg rastlaus, avsluttar Synnøve Oddny Torheim.