Kjente låtar av mellom andre Frank Sinatra, Tom Jones og John Barry står på menyen når Torskangerpoll Musikklag og Isak Søraa inviterer til nyttårskonsert.

Som så mange år tidlegare så feirar Torskangerpoll Musikklag eit nytt år med konsert i Samfunnshallen på Tennebø laurdag 9. januar.

I år blir det mykje song og mange kjende låtar frå pop-historia der den lokale artisten Isak Søraa skal boltre seg i låtar og artistar han er glad i.

I 2014 laga Torskangerpoll Musikklag og Isak Søraa eit forykande Elvis-show som vart framført mellom anna på Elvis-festivalen i Måløy.

– Denne gongen blir det ikkje mykje Elvis.. No er det mange andre artistar som har appellert til unge og eldre i mange tiår som står på programmet. Vi kan love mykje variert musikk, seier Lisbeth Helen Våge i ei pressemelding.

Moro å samarbeide

– Det var moro å samarbeide med Isak då det stod Elvis-låtar på menyen, og vi hadde lyst til å gjere noko nytt med han. Og dette blir ein svingande konsert med veldig mange melodiar og korpset som storband, seier ho.

Ho nemner artistar som Frank Sinatra, Tom Jones og John Barry.

Korpset har øvd på programmet i haust, og skal ha ekstra øvingshelg helga før konserten.

Isak Søraa seier han gler seg til vere med å underhalde saman med Torskangerpoll Musikklag.

– Utfordringa er å plukke ut litt av dei mange flotte låtane som finst og som har levd i fleire generasjonar. Låtar som framleis blir spelt mykje. Torskangerpoll Musikklag er ein fin gjeng og eit godt korps med mange dyktige musikarar. No er det berre å få tekstane til å sitte så skal dette bli bra, seier Søraa.

Musikklegender

I årets konsert er temaet populærmusikk av kjente musikklegender.

– Her er det enormt å ta av. Og vi har prøvd å sette saman ein musikalsk meny med melodiar som folk har vore glade i i mange år, seier Våge.

I tillegg til Isak Søraa så skal Kaldo Kiis vere med som solist på konserten. Fleire av korpset sine eigne solistar skal også vere med.

Starte med musikk

Torskangerpoll Musikklag har 34 musikantar som kjem frå heile Vågsøy kommune.

– Det har blitt ein tradisjon at Torskangerpoll Musikklag startar året med nyttårskonsert første helga i januar. Dette er 12. året at vi spelar inn det nye året med konsert i Samfunnshallen. Vi kan ikkje tenke oss finare måte å starte eit år på enn med musikk, fortel leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge.