– Om du har lyst å sy, så hiv deg ut i det, seier Helena Nielsen Sætre.

Sysakene tok etter kvart for stor plass heime. Dermed vart systova Hjartesaum opna i gågata i Ørsta.

– Eit naturleg steg vidare, meiner 25-åringen, som ikkje har angra på satsinga. Helena er opphavleg frå Vanylven, bur i Volda, og i sommar starta ho opp systova. Det heile begynte med at ho sydde kle til ungane, og så ville venninnene ha.

– Å lage ting har eg alltid likt. Mormor Haldis Myklebust i Syltedalen meiner eg har arva litt frå henne.

Ho har sydd mykje, fortel Helena, som sjølv er mamma til to på 4 ½ og 2 år.

– Eg likar å skape noko nytt og sjå resultatet. Og så er det avslappande medan eg syr, seier ho, og legg til at ho stort sett ikkje syr like ting.– Mange ungar går i same kle som alle andre, og eg registrerer at det er fleire som synest det er kjekt å ha noko annleis til ungane.

Vil vere kreativ

Responsen har vore overveldande. Det at mange likar det ho syr motiverer.

– Om eg stadig skulle sy like ting, ville det vere keisamt for då får eg ikkje vere kreativ, meiner Helena.

I sommar gjorde ho draum til røyndom med å opne systove. Her syr ho barneklede, «babyreir» og ulikt utstyr til barnerom. I tillegg sel ho stoff.

– Til tider er det veldig stille i butikken, og eg kunne ikkje berre ha satsa på lokal handel.

Helena sin nettbutikk lanserte ho før systova, og visste dermed at det gjekk økonomisk.

– Eg trengde meir plass til å sy, og fann ut at eg opna butikk. Her har eg stoffsal i tillegg. Å få tak i stretchstoff er vanskeleg i området, og ein må gjerne til store byar for å få tak i dette, seier butikkeigaren om den vesle nisjen ho har funne.

Gjennom nettsalet har ho kundar over heile landet. Ordrane kjem inn, og ho pakkar og får sendt etter kvart.

Meir trendy

Helena registrerer at det er meir trendy å sy sjølv.

– Mange er flinke med å sy klede, og det er fleire som syr på bestilling som kjøper stoff av meg. Ho ser at interessa for å sy er aukande. Det første kurset ho hadde var nesten utseld etter tjue minutt, og ho satsar på fleire sykurs framover.

– Mange er interessert i å lære, seier Helena, som er sjølvlært i faget:

– Vi sydde, vov og strikka mykje på kunst og handverk på Åheim skule, og det var veldig kjekt. Kundemassen kjem både heimanfrå og i Nordfjord.

– Dei heime veit kva eg driv med. Eg merkar etter opninga her at kundeomfanget frå nærområdet har vorte større. Fleire har oppdaga meg, og eg har fått andre, meir lokale kundar etter at eg opna butikken.

– Alle aldersgrupper

Sjølv synest 25-åringen det kjekkaste er å sy kjolar.

– Eg elskar å sy heilt små barneklede, i dei minste storleikane. Det er så søtt, smiler ho.

Stadig er det ungar som er innom butikken for å velje seg ut stoff sjølv, eller bestemødrer og oldemødrer stikk innom.

– Her er kundar i alle aldersgrupper. Ønsket er å ha noko spesielt som ikkje alle andre har, seier Helena, som gjerne syr til eigne barn.

No kan ho konstatere at ho syr til folk i heile landet.

– Namnet Hjartesaum er litt symbolsk. Eg legg sjela og hjarte i det eg lagar.

Helena gjorde hobby til jobb, og storkosar seg i systova, sjølv om ho er åleine.

– Det er godt også. Herleg å ha timane der eg klipper og syr litt, seier ho som og kjem med følgande oppfordring til dei som har lyst til å sy:

– Hiv deg på eit sykurs eller prøv sjølv!