Kjetil Friberg er 51 år, gift og bur på Drage på Stadlandet. Han driv butikk og er småbrukar.

– Kva er du mest oppteken av?

– Å ta vare på kommunen vår. Vi må vite kva vi gjer i desse kommunesamanslåingstider.

– Kva gjer du på fritida?

– Fritid? Må bli stell av dyr, gard og grunn.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar kona. Ho har stor arbeidskapasitet og stort engasjement for lokale aktivitetar innen blant anna bondenæringa.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Fantastisk natur og hyggelige mennesker. Og massevis av veir.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Ordførar Gunn Sande åpna i går Stad skipstunnel frå brua på den nye hurtigbåten Bergen-Ålesund.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Sett i gong bygging av Libberveien.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Må vere Dragseidspelet, slaget på Sverdeggja. Eit supert lokalt stykke.

– Kva har du på nattbordet?

– Illustrert vitenskap og vekkerklokke, som er mobilen.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av en dag?

– Avhengig av nyheiter, så det vert mykje avislesing og Facebook.

– Kva er meininga med livet?

– Meninga med livet? Det må vere å overlate verda som ein litt betre stad og bu for neste generasjon.