– Dette skal vere eit tilbod for barn mellom null og tolv år. I tre timar kan ungane danse til musikk og kose seg med kake, brus og pølser, fortel Bøe, som arrangerer barnedisko laurdag.

– Eg vil høyre litt med småbarnsforeldre om kva dei kunne tenke seg, også prøve å få til det etter kvart, forklarar Bøe, og legg til:

– Lokala har vore brukt til både 50-årsdagar og barnedåpar, så her er mange moglegheiter. For nokre veker sidan var det ein barnebursdag her, og då hadde vi musikk og diskolys, og det syns ungane var kjempekjekt. Dei hadde ikkje lyst til å gå heim.

– Det er kjekt om det skjer litt forskjellig i sentrum. Sjølv om dette er eit heilt nytt arrangement har eg allereie fått positive tilbakemeldingar.