Namn: Kjell Roger Larsen

Alder: 56 år

Adresse: Kalvåg

Sivilstatus: gift

Yrke: jobbar i politiet

Hobby: sykkel, leve eit vanleg, roleg liv

Aktuell med: MC-klubben Njords Men arrangerer MC-parade, MC mot mobbing, 7. mai i Bremanger kommune

– Kva er MC mot mobbing?

– Det er eit fenomen som starta i 2015. Ein gut som hette Odin tok livet sitt etter veldig mykje mobbing på skulen og i fritida. Han hadde det vondt. Dette reagerte eit samla MC-miljø i heile Norge på. MC mot mobbing er eit nasjonalt prosjekt, og i fjor blei det arrangert enorme paradar og tilstellingar der nærmast eit heilt MC-miljø stilte seg bak.

– Og fleire klubbar fokuserer på eige nærmiljø?

– Ja, ein god del klubbar gjer det, i tillegg til å støtte den nasjonale MC mot mobbing-paraplyen. Det har også vi gjort. Vi veit det finst mobbing i nærbygda og nærmiljøet. Vi ønskjer å vise at det er noko vi tek sterk avstand frå, og noko vi vil gjere noko med.

– Kva skjer på årets utgåve?

– Vi samlast i Svelgen, der paraden startar. Så køyrer vi frå Svelgen via Bremanger og ut mot Grotlesanden og inn igjen til Kalvåg, der hovudarrangementet blir. Vi har engasjert to grupper med lokale ungdommar som skal spele musikk. Det blir loddsal, kiosk, utstilling av syklar og masse aktivitetar. Og absolutt alt av inntekter går til ungdomsarbeid i kommunen.

– Kva går pengane til?

– I fjor hadde vi eit netto overskot på 15.000 kr. På førehand hadde vi bestemt at pengane skulle fordelast på dei tre største skulane i kommunen: Svelgen, Kalvåg og Bremanger. Vi kjøpte inn masse utstyr til aktivitetar, leikar og diverse som vi delte ut. I år gjer vi det litt annleis. Alle lag og foreiningar som driv med ungdomsarbeid kan søkje om midlar.

– Korleis har responsen vore?

– Veldig bra. Vi har fått god respons frå naboklubbar og enkelte MC-folk som ikkje er tilknytt organisasjonen som ønskjer å vere med. Kor mange vi blir veit vi ikkje endå, med det blir større enn i fjor. Normalt sett blir ikkje vi som køyrer sykkel, bråkar og går i svarte klede sett på som så veldig bra. Men vi har fått utruleg mykje positiv respons, og kommunen gav oss 10.000 kroner i tilskot i fjor, og nye 10.000 i år. Nytt i år er at kommunen har skaffa buss til ungdom som ikkje kan kome seg ut på annan måte, og den vil følge kortesjen tilbake til Kalvåg.