Med nytt namn, i alle fall eit førebels eit, inviterer det nye vaksenkorpset i Bremanger til konsert i Davik Kyrkje laurdag.

Dei frammøtte kan laurdag 28. mai få høyre Oldstar Brass i Davik kyrkje i Bremanger. Det blir første gong ein får høyre det nye vaksenkorpset frå scena.

– Eg trur vi heiter Oldstar Brass, flirer Henny Hansen i korpset og fortset:

– Vi måtte ha eit namn å ha på plakaten, så fram til laurdag heiter vi Oldstar Brass. Men det kan endre seg etter laurdag.Hansen er no spent på korleis interessa er blant publikum for deira første konsert.

– Men det viktigaste er at vi kosar oss, seier ho og tilføyer at korpset framleis er eit prøveprosjekt. Med på laurdagens konsert er Hammerbakken Blæseensemble, der ein av medlemmane er frå Bremanger. Her blir det både konsert kvar for seg og fellesnummer.

– Dei frammøtte får mellom anna høyre Highland Cathedral, Gabriellas song, Vikingkirken og The Power of Love, røper Hansen. Og etter den første konserten blir det også sosial samankomst på kvelden og dans.

– Det blir ei musikalsk og sosial helg. Det kjem til å bli veldig kjekt! fastslår Hansen.