Namn: Erlend BjørloAlder: 31 årSivilstatus: sambuar og to, snart tre bornBustad: Taklo, NordfjoirdeidYrke: tømrar

– Kva er du mest oppteken av?  – Det eg er mest oppteken av må vere familien og alle rundt meg. Synest det er kjekt at det skjer noko stort sett heile tida. No på sumaren er det kjekt med gode vener og lange kveldar med kubb og grilling.

– Kva gjer du på fritida? – Fritida går med til familien, hus og hage. Men det skal nemnast at eg er ein ihuga laksefiskar, telemark-kjøyrar og ein rå hjortejeger.

– Kven beundrar du?  – Eg beundrar far og mor. Fattern har alltid dugnadsånd og tar på seg arbeid over hovud. Ein velhalden mann som gjer mykje for andre. Og muttern beundrar eg for at ho alltid hjelp til når det trengst, og at ho klarer å halde ut med fattern som nesten alltid er på jobben eller i møter. Der må han skjerpe seg litt!

– Kva er det beste med heimstaden din?– Det beste med heimstaden min må vere naturen. Her er alt ein treng for og drive med syslane mine. Så må eg legge til den fine sola som skin på Taklo til langt på kveld om sumaren.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – Fekk ei jølstrekrede og vann seg ein Volvo.

– Kva ville du ha gjort om du var ordfører for ein dag? – Dagen hadde starta med og innført høgare temperatur i symjehallen på Eid, slik at barna kan lære seg og symje utan å fryse. Deretter hadde eg prøvd og fått meir liv i rockbygget "Gymmen" med konsertar slik som Studenthusa i Volda og Sogndal. Dagen hadde enda med ein solid strawberry-drink på Bankkjellaren Bar og Gjestestove!

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Det er utan tvil Malakoff rockefestival! Konsertar som Hoffmaestro, Karpe Diem, Den svenske bjørnstammen og ikkje minst Dropkick Myrphys!

– Kva har du på nattbordet? – Ein lampe, bilete av sonen min og eit hjarte med " verdens beste pappa".

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?– Facebook, dagbladet, nrk og kanskje finn.no.

– Kva er meininga med livet? – Meininga med livet må vere å ha det kjekt, føre slekta vidare og jakte hjort.