Sigbjørn Kvalheim vart heidra for sin årelange innsats for musikk- og kulturliv.

– Gjennom snart 30 år har han brukt det meste av si fritid på å gje oss gode opplevingar. Det er ein person som stiller opp døgnet rundt, i veker og månader i forkant av arrangement, for å vere sikker på at alt går etter planen, las konfransier Geir Gjelten, før det var kjent kven som fekk prisen.

– Dette var heilt uventa, og veldig kjekt. Desse svinepelsane har holdt dette skjult for meg, lo Kvalheim etter tildelinga.

Prisvinnaren sit nemleg sjølv i arrangementskomiteen for Måløydagane.

– Når eg tenke meg om så burde eg kanskje skjønt det. Han Bjørn maste veldig på meg før eg reiste heim tidlegare i dag om at eg måtte vere her i godt tid før halv ni for å hjelpe han med noko, seier Kvalheim, som fekk ståande applaus frå publikum i teltet.

– Er det nokon som fortenar ein pris så er det Sigbjørn. Vi hadde veldig mange gode kandidatar, og alle burde eigentleg fått pris, men Sigbjørn utmerka seg. Når du nemne namnet Sigbjørn, så seier folk at han kjenner eg, sjølv om ein er langt utanfor kommunegrensa, fortel ho.