Arrangørane ser ikkje bort ifrå at løyperekorden blir slått under Vetenløpet denne helga.

Laurdag 9. juli blir Vetenløpet, motbakkeløpet frå Grotlesanden til Veten, arrangert. Dette blir det tolvte i rekka, og arrangørane ventar no spent på om nokre rekordar blir slått i helga.

– Thorbjørn Ludvigsen har i år som mål å slå den internasjonale løyperekorden til kenyanar John Sompol på 25,35 minutt, og det ser vi ikkje vekk frå at han greier, seier Annbjørg Hauge Nygård, leiar i Vetenløpet.

Påmeldinga til motbakkeløpet er i rute, og Nygård forklarar at mosjonistane ofte ventar til dei siste dagane med å melde seg på ettersom dei følgjer med på vêrutsiktene.

– I konkurranseklassa er det derimot god påmelding og fjorårsvinnar i herreklassen var den første til å melde seg på årets løp, fortel ho.

Nytt med i år er innføringa av puljestart i konkurranseklassa, der første pulje startar ein halvtime før pulje to.

– Dette er for å unngå kø i løypa. Det har som forventa ei løpstid på under 40 minutt, forklarar ho. Løypa er 4,6 km lang og målgang er på Veten, 527 moh.