Fredag klokken 10.00 opna portane på festivalcampen på Malakoff Rockfestival. Dei ivrigste hadde sete heile natta i kø.

- Vi er spenn klare for festival, fastslår Torbjørn Garli og Anders Hellebostad frå Sykkylven. Sidan klokka 00.15 i natt har dei sitte fremst i kø for å sleppe inn på festivalcampen, då portane opna klokka 10 fredag morgon. Og køa var lang av alle festivalpublikummarane som venta på å få henvist plass for telta sine.

- Vi var først på konserten i Gymmen, og høyrde The Dogs. Vi er ein kameratgjeng som er på festivalhelg saman. Herregud som vi kosar oss. Vi veit festivalen alltid er bra. Det er ikkje så nøye kven som er på scena, det er stemninga som er viktigast, seier kameratane.

Sjå bileta frå morgontimane i karusellen over.

Del dine festivalbilete med oss! Merk bileta med #fjtsommar på Instagram eller send dei til fjt@fjt.no.