Margrethe Sunde ved Sunde Eurosko trur fargerike støvlar kan lyse opp Malakoff dersom regnet slår inn over festivalen.

– Litt vågale fargar på fottøyet i regnvêr kan både lyse opp dagen og hjelpe på humøret. Ein ser at folk vert meir og meir vågale når det gjeld støvlar, seier Sunde før ho legg til at vêret sjølvsagt har mykje å seie for kva fottøy ein vel når ein skal på festival.

– Men gummistøvelen er festival-deltakaren sin beste ven, i hvertfall på Vestlandet. Det kan vere lurt med ein vasstett sko sjølv om det etterkvart vert opphaldsveir, for bakken tørkar ikkje med det første, og det kan lett bli sølete der det er mykje folk samla, seier ho.

– Spesielt om det er varmt og vått, avsluttar ho.