Der andre gjerne ser ein øydelagt PlayStation, ser Vegard Hjartholm (35) ein fullt fungerande gitar.

– Det er nok det som står igjen som det særaste prosjektet mitt. Men ein PlayStation er jo berre ein firkanta boks, og på denne måten kan eg jo framleis spele på den, smiler Vegard Hjartholm.

Nyleg viste gitarombyggaren frå Sandane fram fleire av ombyggingsprosjekta sine på Kulturhuset Heimen i Bremanger.

– Folk kom innom, klimpra og testa ut. Det var utruleg god stemning og veldig spesiell musikk, fortel Reidun Øvrebotten, innehavar av kulturhuset.For Bremanger var nemleg staden Vegard, saman med tre kompisar, valde å halde konsert for publikum for første gong – på dei ombygde instrumenta.

– Det var så bra. Eg fattar ikkje at det går an å få så mykje lyd ut av tre strengar og ein sigarboks, seier Øvrebotten.

– Det er jo det som er hovudmålet. Instrumenta skal spelast på. Det er gøy at dei er rare og stygge, men dei skal også kunne brukast til noko, seier Vegard, som sjølv speler gitar.

Dei er ikkje eit fast band.

– Men kanskje i framtida. Eg er eigentleg positivt overraska over kor bra dette gjekk!

Starta med sigarboksar

Det var for nokre år sidan at Vegard fekk sjå ein film på YouTube om ein som bygde om ein sigarboks til gitar. Som ivrig hobbygitarist blei han interessert.

– Det såg jo kjekt ut. Måtte prøvast, seier Vegard.

For han er det både det å gjenbruke gamle ting og sjølve ingeniørkunsten av å sette saman ting som fenger.

– Det er litt ja takk, begge delar. Det er kjekt å skape noko, og så er det kjekt å sjå kva ein kan klare å integrere i eit instrument som eigentleg ikkje var meint å vere der i det heile tatt. Det vere seg kjøkkenreiskap eller bildelar.

Reidun Øvrebotten er imponert over sin ombygde gitar. Ho klarte nemleg ikkje motstå freistinga til å kjøpe ein.

– Den er bygd av ein sigarboks, men har delar av ei fiskeause, ein gaffel og terningar til å stemme med. Den er eit lite kunstverk, seier ho.

Vegard bygger mest gitarar, men av og til også andre strengeinstrument.

– Eg har bygd nokre som skal vere banjoar. Og så langt ei ukulele, av ein gamal matboks.Andre boksar Vegard nyttar til å bygge gitarar er hermetikkboksar og kjeksboksar.

– Eigentleg kan ein bruke alle mulege slags boksar som er hole og gir klang, helst av metall. Men ein kan også bruke tre. Eg lagar såkalla lap steel-instrument, som ein har liggande i fanget. Då bruker eg ein 2 gongar 4 plank i gran.

Finn ting på loppemarknad

For Vegard er det ikkje eit mål å bruke flest muleg ting i eit ombygd instrument.

– Men det kan vere eit mål å bruke flest muleg ting som har ein samanheng, til dømes kjøkkenreiskap.

Tinga finn han rundt omkring.

– Loppemarknader blir på ein heilt annan måte for meg no. Men det er ikkje alltid eg har ein klar tanke om kva eg kan bruke frå starten. Eg plukkar med meg ting, og ein dag dukkar det kanskje opp ein god grunn til å bruke det.

– Kvar lagrar du alt?

– No har det ikkje blitt heilt galskap enno, men heldigvis – eller kanskje dessverre – eg veit ikkje heilt, så har eg ei ganske lita leilegheit.

Etter kvart har gitarane til Vegard begynt å selje. Dermed har det blitt ei grei biinntekt. Og der vil han halde det.

– Om eg skulle prøvd å leve av det, trur eg at eg ville ha måtta jobba så mykje med det at det ikkje ville vore kjekt lenger. Gleda må vere der!

Sjå video av korleis gitarane vert laga her.