Martin Tungevåg frå Stadlandet og Robbin Söderlund i Tungevaag & Raaban spelar på VG-lista topp 20 konsert i Førde i kveld.

Den norsk-svenske duoen, som no kan slå i bordet med godt over 140 millioner streams på Spotify, kjem rett frå the Rock Off Festival på Åland, der dei var eit av dei største navna i festivalen sin line-up.

Tungevaag og Raaban vert ofte omtala som ein av Skandinavia sine mest spennande produsentduoar om dagen, og arrangørane skriv at dei absolutt er verd å få med seg.

Paperboys, Julie Bergan, Sandra Lyng, Bendik, Iselin Solheim, Kristian Kristensen, Jesper Jenset, Izabell, TRXD Ft. Hilde, Cezinando og Suite16 spelar også på gratiskonserten i Førde i kveld.