Kva skal vi gjere for å få noko til å skje i Rugsund?, funderte gutegjengen. Svaret var å stifte paintball-klubb.

– Målet med klubben er at det skal skje noko for oss som bur her og gjere Rugsund til ein attraktiv stad å flytte til. Det er i alle fall mitt mål, seier ein av initiativtakarane til Rugsund Paintball Klubb, Amund Leirgulen.

Planen er å byggje opp eit aktivitetstilbod ein tilbyr til grupper som til dømes blåturar og utdrikkingslag. Den første gruppa har allereie vore her. To klassar frå maritim line ved Måløy vidaregåande skule la avslutninga hit. Fleire av paintball-gründerane er eller har vore elevar i miljøet.

Held til på liten holme

Det som er spesielt med klubben, er at dei har fått låne ei eiga øy der dei held på med aktiviteten. Øya Knarreholmen er i privat eige, og eigaren som bur i Førde har sagt dei kan få halde på her på den 140 meter lange og 40 meter breie holmen. Då vi var der, hadde dei plassert tre geiter på øya for å beite ned det noko tilgrodde terrenget.

– Vi veit ikkje om nokon andre paintballklubbar som spelar på ei øy, så det er spesielt og noko vi vonar kan trekke folk, seier Sindre Kolseth i klubben.

Stor prestisje

Det er eit spel, ikkje noko krigsleik. Vi har ei tryggleiksone på øya, der det er fristad og ingen ting skjer. Her er også sett opp grillar. Vi satsar på å spele kvar helg i sommar og elles når vi har tid på fritida. Når vi spelar, er det mykje taktikk og prestisje. Det er viktig å vinne, slår Amund Leirgulen fast.

Gründerspirar på fleire felt

Tre av dei som er med på paintballsatsinga i Rugsund var med i gruppa som vart nummer to i NM i ungdomsverksemd 2015.

Ungdomsverksemda Westtip Supplies vann fylkesmønstringa og vart nummer to i landsmønstringa då dei med utgangspunkt i Eid vidaregåande skule stilte med ei oppfinning av ei silkasse for fiskeoppdrett.

No er dei sju karane i ungdomsverksemda spreidd på ulike skular, men dei er framleis kreative.

– Rugsund er ein fin stad å bu, men vi har ikkje så mange jobbalternativ eller fritidstilbod. Vi prøvar å gjere noko med det. Heile styret på seks i Rugsund Paintball Klubb er busett i bygda, så vi har god lokal styring med prosjektet, fortel Sindre Kolseth, frå Westtip Supplies.

Han avslører at han godt kan tenkje seg å forsøke seg som gründer igjen, men først skal han til liks med fleire av dei andre i miljøet jobbe hjå hjørnesteinsverksemda K. Strømmen Lakseoppdrett i Rugsund i sommar.

Verksemda er av dei som har bidrege med midlar til oppstarten av paintballsatsinga. Bremanger kommune har også gjeve stønad ved to høve, samla 22.250 kroner.