Tradisjonen tru var det lite søvn og mykje lyd som prega nattcupen i  Nordfjordhallen natt til laurdag. Dette til dei omlag 450 konfirmantane si store glede.

Nattcupen i Nordfjordhallen er ei årleg fotballturnering for konfirmantane i Nordfjord og i Vanylven. Kateket i Eid, Beate Folkestad fortel at cupen er obligatorisk for alle konfirmantane, men at ein ikkje treng å vere med å spele fotball for å ha det kjekt i løpet av natta.

– Det er lagt opp til kjekke ting å vere med på heilt frå kvelden av til tidleg morgon. Nytt av året er at vi arrangerer ulike seminar, der konfirmantane kan vere med på teiknekurs, kor- og songseminar og danseseminar med påfølgande framsyning, fortel Folkestad som synest nattcupen er ein fin tradisjon og ei flott moglegheit for ungdomane til å bli kjende med kvarandre.