Mat­sku­len byr på opp­skrif­ter ut­ar­bei­da av MVS-ele­va­ne i La nature gourmet UB i sa­mar­beid med ­kokk- og servitørfaglæ­ra­ra­ne Iren Ham­mers­vik, Bente Iren Vonheim og Mo­ni­ca Iren Ven­øy Lexau. I dag har Johanna laga mandelkjernepudding med bærsaus.

Mandelkjernepudding er ein tradisjonsdessert ein ikkje finn så ofte på dessertbordet. Det skal òg nemnast at ein heller ikkje finn mandlar i dei mange variantane av mandelpuddingen. Men i Johanna si oppskrift er sjølvsagt mandel ein viktig ingrediens!

Dette treng du:

  • 8 dl mjølk

  • 3 dl fløyte

  • 90 g semulegryn

  • 150 g mandlar

  • 3-4 dråper mandelessens

  • 100 g sukker

Til bærsausen treng du:

  • 400 g frosne jordbær

  • 4 ss melis

  • 2 ss sitronsaft

Framgangsmåte:

Skjold og grovhakk mandlane. Kok opp mjølka og fløyten, dryss i semulegryn under stadig omrøring. Tilset mandlar, mandel-essens og sukker. Grauten skal kokast ved svak varme i vel 10 minutt. Pass på å røre i grauten av og til så den ikkje brenn seg fast i botnen.

Hell den ferdigkokte grauten over i serveringsbolle, porsjonsformer eller ei randform. La puddingen bli godt avkjølt før du kan kvelve den over på eit fat og servere.

Sausen kan du lage medan puddingen avkjølast. Mos bær med melis i ei kjøkenmaskin, eller med ein stavmiksar. Smak til med sitronsaft, sil og hell sausen over i ein fin serveringsmugge. Server puddingen på eit fat med raud saus. Pynt gjerne med litt hakka mandlar.