Øystein Wiik rosa dei lokale artistane under O helga natt i Sør-Vågsøy kirke fredag. - Det er utruleg mykje bra talent her, sa den anerkjende operasongaren.

Han har vore i Måløy fleire gongar tidlegare, og la ikkje skjul på kva han syntest om å vere tilbake.

- Det er veldig hyggeleg å synge i Måløy igjen. Ein god ting kan ikkje gjerast for ofte!, sa han.

Dei lokale solistane var også takknemlege for å ha Wiik med seg under konserten.

- Det er veldig kjekt å ha deg her Øystein, og du er eit veldig stort forbilde for oss, sa Stian Hjelle før ein av dei fleire duettane dei to song i lag.

Sjå bileta frå konserten øvst, og les heile saka i tysdagsavisa.