Når Eidarussen set opp russerevyen Ein midtnordfjordmannsdraum fredag 20. og laurdag 21. januar i Operahuset Nordfjord, er kommunesamanslåing eitt av tema publikum kan vente seg.

– Revyen handlar om Alfred Bjørlo som er lei av dei evinnelege diskusjonane rundt kommunesamanslåing, røper revysjefane Thea Bjørhovde Mavropoulou (18), Ingvild Taklo Stautland (18) og Christianne Dalsbotten Solvåg (18) i Eidarussen.

I revyen tek Bjørlo saka i egne hender og erklærer Eid for eigen, sjølvstendig stat, noko det sjølvsagt blir stor ståhei rundt.

– Ei gruppe lærarar frå Eid vidaregåande skule dannar eit superhelt-team for å stoppe han, utdjupar dei.

Eidarussen har stått for handlinga, koreografi og alle songtekstane sjølve. Sidan september har dei jobba med revyen, men det var først etter jul at øvingane starta for fullt. Revysjefane er no litt nervøse før premiera, men legg til at dei gler seg stort til revyhelga.

– Vi håpar publikum synst den er like morosam som vi synst.