– Hekla Stålstrenga er rett og slett musikken frå nord. Bandet er heilnordnorsk og opptatt av å i vareta dei nordnorske songtradisjonane og skattane, så vel som å skape ny musikk til gamle tekstar, heiter det i ei pressemelding.

Bandet er eit resultat av samarbeidet mellom felespelar Ragnhild Furebotten og gitarist Tore Bruvoll, som saman gav ut albumet «Hekla Stålstrenga» i 2008. Det vart nominert til Spellemann, til liks med dei neste albuma i 2011 og 2013.

Også det rykande ferske albumet «Ventetid» er nominert til Spellemann, utdelinga skjer to dagar etter konserten på Nordfjordeid. Hekla Stålstrenga er Ragnhild Furebotten (fele), Tore Bruvoll (gitarar), Anne Nymo Trulsen (song og trøorgel), Trond-Viggo Solås (bass) og Ole-Jakob Larsen (trommer).