«Forsøk» låg ved buda i hamna då tyskarane kom til Silda. Karane hadde vore på seidesnurpa og reve nota, så dei sat på kaia og bøtte. Utan varsel kom Gestapo-skøyta inn og la seg på sida av. Om bord var allereie Ragnar Solheim og Sverre Skibenes frå Måløy. Dei var alt då arresterte, avslørte som motstandsfolk.

Opprullinga av våpendepota langs kysten starta med Telavåg. Deretter Vetvik, der fire vart arresterte. Så stod altså Silda for tur, med det største våpenlageret i Vågsøy.

Derifrå gjekk transportane innover fjorden og vidare til Austlandet.Gestapo hadde fått nyss om at Silda-karane hadde motteke og lagra ammunisjon på vestsida av øya.

Silda gav livsgrunnlag for over 200 menneskje under krigen, så hamna den vesle øya i tyskarane sitt søkjelys.

Lageret måtte dei bere ned att denne junidagen tyskarane la til kai. Fyrst bar dei ammunisjonen om bord i ein færing og så måtte dei føre det til Gestapo-skøyta. Deretter fekk dei spørsmål om fleire involverte, men ingen namn vart opplyste. Og som dei gjekk og stod, utan farvel med familie, vart dei arrestert og tatt med av tyskarane.

På øya levde vel 200 menneskje, og mange slektsband kryssa mellom husa. Dei fleste vart råka då fem menn vart arresterte, og huslyden til Ingeborg stod sentralt ved tysk oppreinsking og arrestasjon på Silda. Tre brør og to onklar vart tekne.

Dei sat ei heil tid på Grini før dei enda i Sachsenhausen. Der sat dei som fangar i tre år til freden kom. Resten av krigen jakta Gestapo på tre andre frå øya, deriblant Mons Silden senior, far til Ingeborg, postopnar og hovudmann for våpensmuglinga. Seinare på sommaren kom alle dei tre tilbake til Silda. Først Mons og seinare same natta vart Ivar Sætren og Isak Silden skyssa ut att. Dagen etter var det storrassia på øya. Då sat Mons nede i fjæra under ein hellar.

Tyskarane brukte tøffe verkemiddel for å få svar. Mellom anna var det ein av tyskarane som sette pistolen i bringa på Anna Silden, kona til Mons og mor til Ingeborg:

– «Dersom du ikkje opplyser kvar Mons er å finne, skyt eg deg». «Ja, det får berre våge seg, sa ho. Eg veit ikkje noko å fortelje». Etterpå kom dei med ei kanne med olje: «Snakka du ikkje no, så set vi fyr på huset». «Berre set. Men eg skal ha ut døtra og barnet som ligg inne», sa ho. Mor var så kald. Ho visste ikkje at far låg ned i fjæra. Elles budde han i huset, sov attmed ho mor kvar natt heile tida, fortel Ingeborg.

Ho flytte kort etter heim til Silda for å hjelpe mora med å halde Mons løynd for Gestapo. Den fyrste tida etter arrestasjonen var tyskarane ofte på Silda.

I dag er det lite som minner om at innbyggjarane på Silda fekk nærkontakt med krigen sin brutalitet. arkiv

– Då gjekk far ned åt sjøna, til ei hole vi hadde laga til. Om vinteren hadde vi han heime i høyståla, det var min jobb. Eg grov ei hole inn med bordkledinga og inn att i høystålet. Tyskarane var der fleire gonger. Ein gong kom dei med hund, men dei fekk aldri mistanke om at han far var i høystålet, fortel Ingeborg.

Dette varte i tre år. Men ingen rassia avslørte mannen som tyskarane mest av alle ville ha tak i, sjølv om det var nære på.

– Far må ha hatt ei høgre makt over seg. Det er ikkje snakk om, meiner Ingeborg. Mons kom ned frå lemmen 8. mai 1945, utan at han trong å frykte represaliar.

– «No er vi fri! No kan vi gå til grannen», sa han. Grannen Bern meinte vi kunne fortalt at far budde heime desse åra, men denne dagen var vi ute og sette poteter, både vi og grannen, minnast Ingeborg.

Då kunne alle på Silda sjå Mons. Men det var ingen risiko om folk snakka. Gestapo-skøyta var slutta å gå.