Under Gestapo-rassiaen på Silda 8. juni 1942 var Mons Silden senior, far til Ingeborg og hennar ti sysken, i Ålesund for å møte spionar for heimefronten. Han visste ingenting om arrestasjonane heime.

Stillinga var at fem menn var henta frå Silda for smugling og oppbevaring av våpen og ammunisjon i ei hole på utsida av øya, deriblant dei tre sønene til Mons.

Tre mann var ettersøkte for same forhold, og av desse var Mons Silden senior sjølv den aller viktigaste.

Ho trur at Gestapo hadde teke heile Silda om Mons vart funnen, og at det kunne ha blitt eit nytt Telavåg.

– Far var heimefrontmann med kontaktar innover fjorden, det var han dei absolutt ville ha fatt i. Han var sjefssmuglar på Silda. Til han kom også engelske sabotørar innom, slike som reiste vidare. Han hadde mykje sånt rusk føre seg, hugsar Ingeborg.

Mons sine tre søner fekk hard handsaming den dagen dei vart henta. Dei vart tekne heim i huset. Mora, Anna Silden, vart send til grannen medan det stod på. Når ho kom heim låg der øydelagde stolar som var brukte å banke karane med.

– Dei fekk ikkje ein lyd av dei. Eine broren min sa då dei kom heim att tre år seinare: «Eg måtte beundre Rasmus, bror min, at der ikkje kom ein lyd. Eg trudde han hadde vorte rasande. Han var kjend for temperament», fortel Ingeborg over 70 år seinare.

Det samhald, risikovilje og snartenkte reaksjonar som rådde, imponerer. Folk forstod umiddelbart at Mons vart høgt prioritert på Gestapo si liste. I tillegg vart han berga av ein god porsjon flaks som gjorde at han slapp unna tysk fangenskap og ei høgst usikker framtid.

Mons og Anna Silden (framme i midten) i lag med alle borna i forbindelse med bryllaupet til dottera Petra i april 1952.

Same dag, like etter rassiaen, kom Mons sørover med båt til Måløy.

Om bord hadde tyskarane passkontroll, men merkeleg nok fekk han ikkje spørsmål. Han gjekk opp til tannlege Solheim. Då var Ragnar Solheim alt arrestert. Fru Solheim råda Mons til å komme seg vekk umiddelbart. «Her er rassia rett som det er», sa ho.

Deretter gjekk Mons til fots mot Raudeberg, tilfeldigvis saman med ei tysk avdeling soldatar som marsjerte same vegen nordover. Dei visste ikkje at dei mellom seg hadde ein mann Gestapo svært gjerne ville snakke med.

Heldig for Mons, og dei mange han slapp å seie namnet på. På Raudeberg gjekk han opp til ei svigerinne.Komen til Raudeberg fekk Mons greie på at Oskar Hopland låg der med båten sin for å frakte lesarungar som skulle heim etter overhøyring.

Han sa seg straks viljug til å ta med Mons.Hopland bad han kome litt før konfirmantane så han kunne gøyme seg bak i rorhuset, så ingen såg han. Hopland sette Mons i land på Venøy. Han kunne ikkje reise heim, så Karl Årdal rodde han vidare til Rundereim. Dette var om dagen, så skuleungane var ute når Mons kom i støda. Dette såg læraren, som kjende Mons, og fekk elevane straks inn i skulehuset.

Dette skjedde så fort at der vart ikkje noko snakk som skapte vanskar. Mons si dotter Borghild budde alt på Rundereim, og han gjekk opp der. Reaksjonen var kontant der i huset både frå Borghild og Kristen:

«Du kan ikkje vere her. Her går så mykje folk», sa dei. Mons måtte ut. «Du får reise opp i urda fyrste natta, Så får vi sjå kva vi kan finne på, sa dei.Dottera Ingeborg og hennar framtidige ektemann Johannes var komne frå Selje før Mons kom til Rundereim.

Ingeborg gjekk straks bort til systera Borghild som var gift og budde der, og ville høyre om ho kjende til oppstandelsen på Silda. For henne var hendinga der ute nytt. Men faren var då komen til Rundereim og tok inn hos dei.

Døtrene Borghild og Ingeborg ville gjere så godt dei kunne ut frå dei forhold som herska. Dei og mennene forstod straks den farlege situasjonen Mons var i etter arrestasjonen.

Det var tidleg sommar i lufta og Ingeborg minnest at dei mangla kle til å ha rundt faren. I høve det bryllaupet som stod føre, hadde ho fått heimafylgje som var teke i land på Rundereim.

– Eg tok ei vattplate og regncapen min og kraup oppover bakkane så ingen skulle sjå, opp i hola der far skulle vere fyrste natta. Borghild ville sende opp ei terne med eit spekekjøtlår og ein kniv så faren skulle få mat.

– «Ikkje tale om. Du let han ikkje få ein kniv. Skjer opp kjøt og la han få. Ikkje kniv. Du veit ikkje kva han kan finne på å gjere seg når han er i denne situasjonen. Han kan skjere pulsåra. Det er gale å gøyme ein levande mann, verre med ein død», sa eg til henne, fortel Ingeborg.Etter to netter i urda vart det ordna med plass for Mons i eit kryp på lemmen i ei lita hytte, der også Johannes og Ingeborg budde. Ingeborg fortel ho vart så sjuk at ho var ikkje god til å vere med på å hente Mons ned frå urda, så eldstesystera Maria hjelpte faren ned til hytta. Dette måtte skje utan at folk såg det.

– Eg kasta opp av spenning, seier Ingeborg, som meiner det skuldast at nervane var stramma til brestepunktet desse dagane. På lemmen i denne vesle hytta på Rundereim heldt Mons seg i seks veker, utan av nokon fekk mistanke, ingen kom og leita. Der var rassia andre plassar på Rundereim, men ikkje i den hytta der han heldt seg. Lensmann Hamre kom til Rundereim for å leite etter Mons Silden senior. Her fann han flatsenger til bryllaupsgjestane som ikkje kom. Han såg utover og sa: «Om her låg tie Monsar, så såg eg ikkje ein einaste». Han gjekk ikkje ærend for Gestapo.

Under Rundereim-opphaldet kom kona Anna på besøk. Likevel, etter seks veker, ville Mons absolutt ut att på Silda, der han held seg skjult heilt fram til krigen var over.