Namn:  Hallgeir Hamre

Alder:  49 år

Adresse:  bur i Førde, men er frå Davik

Sivilstatus:  gift og har tre barn

Yrke:  rektor ved Førde ungdomsskule

Hobby:  i tillegg til revy; hytteliv og fiskeri på Davik

Aktuell med:  er med på revyen «På rett kjøl», som blir sett opp langfredag og påskeaftan i Davik

– Det blir ny revy?

– Ja, langfredag og påskeaftan brakar det på ny laust i forsamlingshuset Davang. Då inviterer «10 aldrande menn» inn til revyen «På rett kjøl».

– Kva handlar den om?

– Å vekse opp på Davik på 70- og 80-talet var slett ikkje spøk, det var harde tider, noko karane vil fortelje meir om i revyen. Revystjerna Jenny kjem atter ein gong til å blinke i scenelyset, det vert fengande rytmar frå bandet, og karane lovar høg stemning i Davang desse to kveldane. Vi garanterer samstundes for tryggleiken til alle gjestane, for sjølv om lensmann Gulliksen skulle unne seg ein frikveld, er det gjort avtale med den legendariske kriminalkommisæren Derrick om at han er i beredskap om noko skulle skje.

– Så blir det òg musikk etterpå?

– Ja, rett etter at karane går av scena, vil trubadur Torbjørn Gran syte for pubstemning begge kveldane. Han spelar songar vi både kan danse og synge til. Han har vore med tidlegare år også, og er ein sikker vinnar.

– Kven står bak revyen?

– Kjernen er ein kameratgjeng frå oppveksten på Davik. Så har vi også fått med oss nokre tilflytta ressursar. Dette er tredje gangen vi arrangerer revy. Vi er godt oppe i åra, så vi treng eit kvileår innimellom.

– Korleis har billettsalet gått?

Billettsalet har gått over all forventning. I løpet av tre timar 10. februar vart dei 170 billettane til påskeaftan rivne vekk, og det er allereie mange som står på venteliste til den kvelden. Til framsyninga fredag er det framleis nokre billettar att, men dei som vil sjå revyen bør nok skunde seg å kjøpe billett! Slik som det teiknar no, vil det bli to fulle hus.

– Kvifor ønskjer de å sette opp revy i år også?

Vi kosar oss med dette, og det er kjekt å kunne bidra til å samle folk på sørsida av fjorden to kveldar i påska. For oss er dette ein vinn-vinn situasjon. Vi får gjere noko vi trivest godt med og får treft utruleg masse flotte folk som vi altfor sjeldan elles ser.