Namn: Anne-Grete Svoren

Alder: 37 år

Adresse: Kvernevika i Selje kommune

Sivilstatus: gift med Marius

Yrke: konsulent

Hobby: Det må bli koret! Elles er eg avhengig av mine gode venninner. Har nett lært meg å strikke også, til mamma si store begeistring.

Aktuell med: Selje Kyrkjelege Fellesråd og Frisk Bris samarbeider om arrangementet gospelkveld i Selje kyrkje oskeonsdag 1. mars. Der deltek mellom anna duoen Anne-Grete og systera Sara Maria.

– Klar for konsert?

– Ja, sånn nokonlunde. Heilt klar blir ein nok aldri, må ha litt sommarfuglar i magen og smånervar rett før, elles er det ikkje noko gøy.

– Kan du fortelje litt om kva som skjer denne kvelden?

– Dette er ikkje ein rein konsert, men ein gospelkonsert der koret Frisk Bris frå Selje framfører gospelsongar, alt ifrå dei friske gladsongane til dei rolege, tradisjonelle. Elles er fokuset ein kveld med allsong der folk kan møtast og syngje i lag. Mellom anna skal vi synge This little light of mine og Down by the riverside som allsong, songar mange kjenner til. I tillegg til duetten frå Sara og meg, vert det også andre soloinnslag frå medlemmane i koret. Når songkvelden er over, vert det servert heimebaka oskebollar.

– Kven passar kvelden for?

– Alle! Vi prøver å ha eit varierande repertoar slik at der vert noko for alle, som alle kan ha glede av. Det er mange sjangrar innan gospelen, og vi dekkjer ein god del av dei under vår framsyning. Vi håpar at mange vil ta turen og både høyre på oss og synge i lag!

– Du og Sara skal ha ein duett denne kvelden. Kor ofte syng de to saman?

– Kvar einaste biltur vi har saman. Vi har ein bilsong vi alltid må synge. Elles når som helst når lysta kjem over oss. Vi tek oss gjerne ein akutt konsert utan publikum i garasjen til pappa. Betre akustikk finst ikkje.

– Kva er det kjekkaste med å syngje i Frisk Bris då?

– At eg får synge saman med Sara og resten av koret. Det er ein gjeng med mykje humor og latter. Og så er det eit kjærkome avbrekk i kvardagen for ei småbarnsmor.

– Korleis står det til med koret?

– Frisk Bris har det utmerka! Vi er ein god gjeng som har det kjekt i lag både på øvingar og på konsertar.