– Eg blir veldig stimulert av å reise nye plassar, sjå nye ting, stemningar og bygg. Det er noko av det eg vil formidle i desse bilda, seier Stave Ervik.

25-åringen kom nyleg heim frå tre semester i Sveits, Tyrkia og Hongkong som arkitektstudent. Bilda har kome til medan han har vore på utveksling, og metoden er risografi.

Åtte ulike motiv blir presentert i utstillinga 12.–16. april.

– To av motiva er henta frå ein agora i Izmir, det er mønster som er hogd i stein som er delvis teikna av og sett saman i ein kollasj. Tre motiv er laga under opphaldet i Sveits. Dei er av ulike bygningar og har litt arkitektonisk preg over seg. Ein serie på tre trykk har motiv frå Hongkong og Tokyo og er basert på fotografi eg har teke sjølv og jobba med digitalt i etterkant, fortel Stave Ervik, som har eit opplag på rundt 25 eksemplar av kvart trykk.