Denne påska har vi leita fram nokon av reportasjane frå fjorårets påskeavis. Om du ikkje fekk med deg reportasjane i fjor, eller ønskjer eit tilbakeblikk, kan du no få glede av å lese dei.

Fem aldrande menn streifar i visna gras mellom graver ved Ervik kapell. Seinhaustes og grått, med trekk frå havet. Gamle jernkors teiknar skarp profil mot himmel og hav vestover. Dei som kviler her, er ute av minne for generasjoner tilbake. Nokre sakte steg, stans ved ein gravstein, namnet gjev ei urørleg stille stund, med minne. Minne om eit menneskje som levde, som ein del av den pulserande bygda. «Her borte ligg han Paul», Rolf Stave peikar. Dei fire snur ryggen til havet og historia og stansar ved kameraten si grav. Paul Hoddevik. 1938 – 1992. «Det var han som starta alt i hop for 45 år sidan, og no er det 25 år sidan han døydde.»

Eg er den heldige som får lytte til historia. Ei historie som ingen har skrive, og som stadig færre kjenner til. Historia om ny livskurs for eit ukjent antall menneskje frå buktene her ute mot havet. Som fann glede i nye tonar.

Ein spesiell atmosfære

Den 19. februar 1972 kom to kvinner som spelte gitar og song, seinare også to predikantar, Martin Halleraker og Reidar Dalsbø til Stad. Desse heldt møte i Leikanger kyrkje, seinare Ervik kapell, og folk frå Ytre Stadt fylte den nye kyrkja.

Mannsgruppa vart så populære at dei fekk eit større publikum og reiste rundt både sør og nord for Stad.

Enno i dag snakkar folk om ein atmosfære over Ytre Stadt den vinteren.

– Guds Ande kvilte over landskapet og bygdene her ute, kalla og drog på folk, på ein ubegripeleg måte, seier Rolf Stave frå Ervik, ein av medlemmene i Mannsgruppa.

– Mange fekk eit forvandla liv. Vi merka det i naturen og folkelivet. Eit stabilt og flott, stille vintervêr i fleire veker. Folk som ikkje kom til møte i kapellet kjende kallet og draget mot Gud til å omvende seg. Dette er slikt fleire sa etterpå. Gud kom nær her ute på Stadt på ein særleg måte desse vekene, seier han.

Alt frå fyrste møte i kapellet overgav folk seg til Gud. Mange vart forarga på det som hende, også dei som seinare vart omvende. Men møta drog folket, og i fleire veker vart folk frelste. Sjølv streta også Rolf Stave lengje imot «hysteriet», før han også «bøygde seg».

Skal vi gå?

Ryktet om kven som gjekk fram til alteret og bøygde seg spreidde seg fort i bygdene. Ein søndagskveld i februar kom ei sjokkmelding: Paul Hoddevik, læraren i bygda, og kona hans Inger gjekk fram til alteret i Ervik kapell. Eit par timar seinare gjekk dei begge ut att, med forvandla liv, dei var frelste. Det var ikkje i tankane då dei gjekk inn.

Motoren i Mannsgruppa frå Stadt var Paul Hoddevik med trekkspelet.

Inger hugsar godt då det hende.

– Paul og eg snakka om det meste, men desse møta som var, og gudstru og slikt snakka vi aldri om. Eg veit ikkje korfor. Mot slutten av møtet sa Paul:

– Skal vi gå? Eg visste ikkje om han ville gå heim eller gå fram. Han gjekk fram til altaret, og eg fylgde med. Vi kunne like gjerne gått heim, eg hadde vorte med då òg. Vi overgav oss til Gud, og dermed starta eit nytt liv for oss. Eg forstår ikkje korfor vi ikkje gjorde dette før.

Ein ny song

Frå å vere eit sentralt par i det sekulære miljøet, fekk dei no ein tilsvarande posisjon som kristne. Ei viktig årsak til det var at Paul kort etter samla eit par mann kring seg og trekkspelet. Så song dei om det nye livet.

Spiren til Mannsgruppa braut fram i lyset.

– Songen vår var ein takknemleg respons for frelsa, kjem det frå Per Gunnar Nygård.

– Ja, det vart slik, legg Jostein Dalsbø til.

– Vi fekk lyst til å prise Gud, ei frukt av trua vår.

Karane ser på steinen og grava til Paul, ei stund høyrest berre litt bårebrus mot sanden vestafor, fjerne måseskrik. Tankane spinn i revers, kallar fram fargerik fortid, ei stille stund ved ein stein, med eit namn.

– Songen vart vår måte å formidle evangeliet til andre menneskje. Det var noko vi kunne klare, forklarer Stave.

Mannsgruppa frå Stadt syng ved steinkrossen på Dragseidet.

Dei fann også felleskap i koret.

– Songøvingane gav fellesskap der vi kunne snakke med kvarandre om vår nye tru. Vi var heldige som var med i songgruppa. Den fekk stor betyding for livet mitt, som ny i Guds rike, seier Stave.

– Vi fekk dele evangeliet, utan å vere proffe. Vi var ikkje så frimodige å snakke med folk om Gud, men syngje, det kunne vi, legg Dalsbø til.

– Skapte omvendinga store forandringar?

– Vi var vanlege bønder og fiskarar som dreiv garden og fiskebåten. Vi var ikkje gangsterar nokon av oss. Nei, store forandringar? Vi var vanlege folk og levde våre liv. Det viktigaste var at vi fekk ny retning for livet, seier Jostein.

Og Rolf Stave legg til:

– Interessa mi vart radikalt forandra, retta mot det som høyrer den åndelege verda til. Vi vart opptekne av å lese Guds ord, og det vart godt å vere i lag med andre kristne. Vi fekk eit ubegripeleg godt fellesskap vi som vart med i Mannsgruppa.

Aldri namn og lydopptak

År etter år seig i horisonten. Songarane fann aldri eit namn for seg. I mangel på namn vart dei enkelt heitande Mannsgruppa frå Stadt.

Det var aldri ambisjon om kome på Norsktoppen eller vere i Ønskekonserten. I den siste huserte Salhuskvintetten med «Gryta hennar mor» og «Andre bollar når papen kjem heim». Karane frå Stadt song like bra.

Det fins imidlertid ikkje eit godt foto frå 1972 til 1992 av gruppa, som viser alle ni songarane. Jostein saknar også eit lydopptak frå den tid gruppa var på sitt beste.

– Men ingen tenkte på slikt då, seier han.

I miljø med sans for denne songstilen fekk Mannsgruppa stor popularitet. Bønder og fiskarar frå Stadt, jordnære arbeidsfolk song på eit språk folk forstod, om Himmelen, Jesus og frelsa. Når det leid på ettermiddagen, tok karane ofte ut på timelange køyreturar, og kom heim om kvelden og natta.

Kvinnene styrte fjøsen

Ut på våren talde gruppa ni menn, frå Ervik, Årvik og Morkadalen. Karane fekk mange og stadig lengre reiser, og konene fekk mange fjøsstell åleine, ettersom dei fleste var bønder. Eit friviljug offer utan klage, deira måte å dele trua på Jesus.

Kvar fredag møtte karane i stova til Paul og Inger, i «Søyla» som plassen heiter lokalt. Nye melodiar vart der nynna og smaug seg inn i øyret, og lagt til repertoaret. Der kom også Paul med spørsmål frå andre bygder om å komme og syngje.

Motoren i gruppa var Paul med trekkspelet. Etterkvart stemde Rolf Stave gitaren og skapte dermed eit utvida lydbilete. Songane var i hovudsak klassiske bedehussongar, der eit par av karane song overstemme. Det som har vore bortimot hemmeleg, er at fleire songar er dikta og tonesett av Rolf Stave, songaren med gitaren. I dei seinare år er også eit utval av songane samla på ein CD.

Derimot vart det kjent at på Ytre Stadt var ni menn som song kristne songar. Ryktet spreidde seg utover, og fleire ville høyre.

Alle kom fram

– Hugsar nokon fyrste songen?

– «Blir du med i den talløse skare, når din vandring på jorden er omme» vert nemnt.

– «Det stunder mot natten» song vi, og den vakte noko særleg hos meg. Den fortel om menneskja sitt behov for Kristi lys på livsferda, minnest Rolf.

– Kunne de merke songen sin verknad på dei som lytta?

– Spørsmålet er vanskeleg å svare på. Vi såg at songen vekte sterke kjensler hos folk. Songen bevega dei, seier Per Gunnar.

Eit særleg minne står nagla hos alle karane. Dei song i eit stappfullt skulehus i Nordpoll og heile forsamlinga kom fram for å ta imot Jesus.

Songen nådde fram

Per Årvik oppdaga fort verknaden songen hadde i denne tida, i 1972.

– Forkynninga av Guds ord må vere med, klart nok. Men det var når dei to damene, Joveig Tørring frå Trysil og Jorunn Glomnes frå Oppstryn, stilte opp og song duett at motstanden smelta og folk gjekk fram til alteret og opna hjertet for Gud, seier han.

Han trur at den same verknaden hadde også mannsgruppa sin song når dei stilte opp.

Dei ni songarane med ektemakar fekk på kort tid ny retning i livet. Songen formidla det dei hadde opplevd, og dei som lytta forstod det.

Karane var berre så glade over å vere frelste at dei song, rett fram. Dei fekk også sitt publikum, både i Nordfjord og på Sunnmøre, så vel som Sunnfjord og Nordmøre.

Paul døyr

Så døydde Paul i 1992, Mannsgruppa hadde eksistert i 20 år. Viljen til å syngje var framleis levande, men karane kom aldri heilt tilbake til atmosfæren frå tida då Paul leia med trekkspelet sitt.

Fredagssamlingane i stova heime i «Søyla» stilna også av, og karane eldest. I år, 2017, er fire døde, tre er 90, 89 og 87 år. Den livlege optimismen frå tonane til «Det lysner nu, det gryr av dag», lever i minnet.

Medan vi går mot grinda leikar ein svak vind i lauv og gras mellom gravene, ruskar i grått hår.

Det gnell i hengslene når Jostein på 90, som siste mann, dreg den med. Så eit lite metallisk klikk når slåa slær i. Jostein snur seg mot steinen til Paul:

– Eg skulle ynskje at eg fekk opplevde dei fyrste åra Mannsgruppa song, ein gong til.