– Vi er veldig fornøgde. Jarl var kjempeflink og den timelange førestillinga hans slo godt an, seier Bente Vonheim som driv restauranten i Måløy.

Jarl Wåge er frå Vågsvåg i Vågsøy kommune. Han har budd mesteparten av livet i Oslo der han har vore lærar på toppidrettsgymnaset i Bærum. No er han pensjonist.

Wåge har lang erfaring som fortellar. I november gjekk han heilt til topps i fortellarkonkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo. Han er også ivrig samfunnsdebattant, og har i mange år skrive kronikkar og debattinnlegg i Aftenbladet og Dagbladet, i tillegg til å kåsere i Salongen i NRK P2.

På Kraftstasjonen baud han på seg sjølv med fleire historier frå sitt liv og oppveksten sin i Vågsøy. Han fortalde om då ein kameratgjeng utstyrte seg for overnattingstur i Ulkupa, eit fjell i Vågsøy, men at planen var at dei skulle på dans på Raudeberg, og forviklingane som skjedde.

Han fortalde også om då han fekk hjelp av ein fiskeskipper som var eksamensvakt til å lage eit gryteunderlag under eksamen på realskulen. Jarl som har vore lærar, juksa på eksamen.

Og historiene slo an. Mange som likte det dei fekk høyre.

– Dette var veldig kjekt, seier Jarl Wåge som ikkje utelukkar at han kjem tilbake med førestillinga si.