Møt fjordhesten

På Nordfjordeid kan du høyre historia om fjordhesten, og prøve deg på ein aldri så liten ridetur. Norsk fjordhestsenter har både omvising og ridetimar. Fleire gongar i veka vert det også arrangert rideturar i Hjelmelandsdalen i samarbeid med Harpefossen skisenter. Senteret byr på riding enten innandørs eller ute i naturen for folk i alle aldrar og på alle ferdigheitsnivå. Turane er frå ein halvtime til dagsturar. Fjordingen er også synleg i sentrum med fleire aktivitetar når det skjer noko spesielt. Senteret har nært samarbeid med lokale aktørar og tilbyr firmaturar, kveldsturar og blåturar. Her hentar Malin Liland hestane frå beite.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.