Laurdag 17. juni blir det sommardans i Parken kulturhus på Raudeberg. For anledninga har styret hanka inn Vassverkgutane, som vil stå for musikken denne kvelden.

– Dette er eit populært band som vil skape stemning, seier Edvard Iversen, som oppmodar folk til å ta turen, møte vener og kose seg i det nye kulturhuset.

Han forklarar at styret set opp eigne arrangement som dei håper kan vere med å «spleise» på drifta.

– Vi er no i ein driftsfase som krev sitt. Slik jobbing vil gå føre seg i fleire år framover, seier han og legg til at inntektene frå slike arrangement vil gå til både drift og utvikling av huset.

Styret har som mål at dei skal vere i forkant både på arrangementsida og på teknisk utstyr. Men for å klare det målet, treng dei kapital.

– Så alt overskot går uavkorta til kulturhuset, understrekar han.

Laurdagens arrangement har 18-års aldersgrense.