Nytt av året blir kunstteikningar av Stine Eide frå Voss.

– Vi skal også ha utstilling med Kristian Finborud og vi har ny glaskunst frå Geir Olsen, fortel Anna Kjempehol.

Kunst av Finborud har vore i Doktorgarden tidlegare.

– Han lagar morosame bilde med situasjonar ein kan kjenne seg igjen i, seier ho.

Paret har drive Doktorgarden i ni år og hadde ein liten forsmak på sommarsesongen då dei hadde ope under Seljecup førre helg.

– Vi er ikkje van med at det er så mykje folk innom på Seljecup, men det var jamt heile dagen, fortel Kjempehol.

– Vi har laga klart til utstilling, og baka opp kaker til neste helg, legg ho til.

I tillegg til kunst har Doktorgarden overnatting, butikk og kafé.

– I kaféen er det heimelaga mat. Mange kjem langvegs frå for å ete sviskekake hos Doktorgarden. Eg har prøvd å skifte ut, men folk vil ha det dei hadde sist, smiler ho.