Romerskinspirert badehus

Det romerskinspirerte Badehuset på Nordfjord Hotell byr på eit spekter av velværebehandlingar, det seg vere kinesisk massasje, klassisk, aromamassasje eller massasje med varme steinar, innpakningar, kosmetisk akupunktur og ansiktsbehandlingar.

Kanskje kan ein honning- eller sjokolademassasje freiste? I Badehuset er det sommar året rundt med terapibasseng som held 34 grader. Treningsrommet i Badehuset er også populært, og etterpå kan ein gå i saunaavdelinga som både har finsk, tyrkisk og infraraud badstue.

Om ikkje ein iskald dusj freistar, kan ein ta seg ein tur i det utandørs boblebadet med saltvatn.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.